Sikrar drift: Det er svært gode grunnar til at små bruk i distriktet nyttar høgare kraftfôrprosent, meiner leiaren i Rogaland Bondelag. Foto: FKRA
YTRING:
Mineralgjødsel og kraftfôr er dyrt nok
Auka kostnader er ikkje løysninga på landbruket sine utfordringar.
Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag
Dette er ei ytring. Synspunkta som kjem fram her er forfattaren sine eigne.
Høgre vil gjera svindyr mineralgjødsel endå dyrare ved å innføra avgift, stikk i strid med klimaavtalen landbruket har med staten. Norsk bonde- og småbrukarlag, Nationen på leiarplass Motkultur, Leder | Kyllingsubsidiene må ned og «grovforalliansen»* vil gjera kraftfôr dyrare ved å redusera prisnedskrivinga på korn. Både dyrare mineralgjødsel og kraftfôr skal visstnok gjera det mindre interessant å bruka dei innsatsfaktorane som allereie nå dominerer på utgiftssida.
Men det er dyrt nok allereie. Me har sterke insentiv til å nytta husdyrgjødsla optimalt og å spreia mineralgjødsel med presisjon. Det er god økonomi i å redusera kraftfôrforbruket og heller dyrka godt grovfôr, om ein har klima og areal til det.
«Utfordringane kan løysast innanfor det etablerte systemet.»
Ståle Hustoft
Kylling vs biff
Å kommentera Høgre og NBS/ Nationen/ grovfôralliansen sine utspel i same kommentar er heilt naturleg, men svir kanskje litt for dei involverte partane. Alle peikar på enkeltutfordringar i landbruket, men tek ikkje omsyn til heilskapen i landbrukspolitikken når dei lanserer løysinga.
Det uttalte målet med forslaget om å redusera prisnedskrivinga på korn er å redusera prisforskjellen på kjøt frå drøvtyggarar, og kjøt frå svin og fjørfe.
Eg trudde det hadde etablert seg ein konsensus om at prisen i butikk ikkje vart bestemt av prisen på innsatsfaktorane, men av forbrukaren si betalingsvilje. Gjeld ikkje det raudt og kvitt kjøt? Kor mykje dyrare må kyllingfileten bli før forbrukaren vel ein blodig biff?
Kraftfôr av ein grunn
Teorien om at dyrare kraftfôr skal styrka økonomien i grovfôrproduksjon forutset stor tru på politisk gjennomslag. Fyrst skal me altså gå til staten og be om dyrare innsatsfaktorar. Deretter må millionane ein sparer på prisnedskriving, mangedobla seg og fordelast ut på grovforbøndene slik at dei vert kompensert for den auka fôrkostnaden. Det er gambling med svært usikkert resultat!
Ingen automatikk: – Teorien om at dyrare kraftfôr skal styrka økonomien i grovfôrproduksjon forutset stor tru på politisk gjennomslag, seier leiar i Rogaland Bondelag Ståle Hustoft. Foto: Rogaland Bondelag
Nokre år gamle analyser av data frå kukontrollen viser at mjølkebruk i distriktet nyttar meir kraftfôr enn bruk sentralt på Jæren, i Trøndelag og flatbygdene på Austlandet. Det er dei områda som har størst høve til å dyrka billig og godt grovfôr. Mindre bruk har høgare kraftfôrprosent enn større bruk.
Men me må koma oss vekk ifrå tanken om at kraftfôr i seg sjølv er noko negativt. Fleire brukar låg kraftfôrprosent som målestokk på god drift. Det ein dårleg målestokk. Det er svært gode grunnar til at små bruk i distriktet nyttar høgare kraftfôrprosent. Det gir høve til å ha eit driftsomfang å leva av – og investera for, også for bruk med avgrensa tilgang til vinterfôr. Høgare kraftfôrprosent og dermed også høgare dyretal om vinteren, gir høve til å nytta inn- og utmarksbeite om sommaren.
Auka pris på kraftfôr vil altså ramma små bruk i distriktet hardast. Tør me stola på treffsikker kompensasjon gjennom areal-, pris- og husdyrtilskot?
«Me må koma oss vekk ifrå tanken om at kraftfôr i seg sjølv er noko negativt.»
Ståle Hustoft
Treng ikkje revolusjon
Prisnedskrivinga har ikkje som hovudmål å gjera kraftfôr billigare. Men derimot å gjera det meir lønsamt å produsera korn for sal, ikkje for eige bruk, i dei delane av landet der dette er mogleg.
Me ser allereie ei sentralisering av husdyrproduksjonen til dei områda som kan dyra korn, grønsaker og godt grovfôr. Ein reduksjon av prisnedskrivinga på korn vil styrka denne tendensen gjennom auka bruk av korn i eigen produksjon.
Prisnedskriving er det viktigaste verkemiddelet i kanaliseringspolitikken – arbeidsdelinga mellom område som kan ha lønsam korn- og grønsaksproduksjon, og områda der drøvtyggarane er avgjerande for å kunna driva landbruk.
Auka kostnader har aldri vore ein fordelaktig metode for å auka inntekta. Auka kraftfôrpris vil gjera dei marknadsfinansierte husdyrproduksjonane mindre lønsame, og meir avhengig av statlege budsjettkroner.
Norsk landbrukspolitikk er ikkje perfekt. Trass betydeleg satsing på landbruk dei siste åra, er det framleis mange bønder som ikkje har høve til inntekt og velferd på nivå med andre. Men utfordringane kan løysast innanfor det etablerte systemet. Å be om store systemendringar utan politisk forankring, er som ein halv revolusjon; ein riv ned etablerte system utan å bygga opp eit nytt.
* Ein allianse av interesseorganisasjonane til dei grovfôrbaserte produksjonane. Representert med Ronald Slemmen, styreleiar i Norsk Sau og Geit, Erling Gresseth, styreleiar i Tyr, og Vegard Smenes, styreleiar i Geno.