Ærleg talt: Sunniva Veen og Hanne Varhaug Helland snakkar om psykisk bondehelse i vekas podcast.
PODCAST:
Råd for når livet renn over
Ein bonde er også berre eit menneske. Og av og til blir kvardagen for tung å takla. Det handlar vekas podcast-episode om.
Sunt bondevett, seier me. Men også bondevettet kan bli usunt. Store ambisjonar, stort arbeidspress på garden, ungar som skal følgjast opp, ein robot som konkar, rekningar som hopar seg opp, svevnlause netter – legg til ein krangel eller sju med ektefellen, samt kronisk stress…og du har oppskrifta på det som kan bikka over i mental uhelse.
Kanskje særleg på Jæren, er det tradisjon for å skrøyta over kor gode ein er til å arbeida. Er me for dårlege til innrømma det, når det av og til buttar imot? Og finst det råd for å koma seg ut or uføret?
I vekas podcast møter du Hanne Varhaug Helland, mjølkebonde på Varhaug. Ho og ektefellen var unge då dei overtok drifta. Arbeidstrykket var og er stort. Snart kom det til fire ungar. Og organisasjonsverv. Dei balla på seg – alle små og store utfordringar i spagaten mellom livet, arbeidet, ambisjonane og forpliktingane. Høyr Varhaug Helland fortelja om erfaringane ho har gjort seg, og råda hennar om korleis ho taklar det heile.
Høyr også Sunniva Veen, HMS-rådgivar i NLR, om kva som skjer når bondelivet kjennest uhandterleg og, ikkje minst, om dei mange tiltaka ein kan setja i verk for å få orden på det att.
Stikkord: Svevn. Trening. Andre menneske. Sunt bondevett, altså. Så enkelt. Og av og til så veldig tungt og vanskeleg.
Spiss øyrene for Bonderådet vårt med Ingvild Steinnes Luteberget, Jenny Kleppe og Bjørn Lende.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller i spelaren under.
Podcasten er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.