I mål: Tina Sviland Bertelesen og Selmar Wathne gjekk for nytt fjøs på Sandnes.<br />
Til grunn for investeringa la dei ein grundig plan. Høyr om erfaringane dei har gjort<br />
seg i podcasten Bondevennen. Foto: Privat

I mål: Tina Sviland Bertelesen og Selmar Wathne gjekk for nytt fjøs på Sandnes. Til grunn for investeringa la dei ein grundig plan. Høyr om erfaringane dei har gjort seg i podcasten Bondevennen. Foto: Privat

PODCAST:

Bygga! Bygga?

18. oktober 2024 | Aktuelt

Å investera i nytt fjøs handlar om meir enn reint driftsmessige forhold. Det handlar om kva liv du og dine vil ha på garden. Spiss øyrene!

Bonderådet har fått lyttarspørsmål om bygging av nytt fjøs og kva det er viktig å tenka på i prosessen – eit stort spørsmål for alle husdyrbønder. Ikkje minst nå, som lausdriftskravet kjem stadig nærmare.

Dilemma er mange og dei handlar vel så mykje om planane og ønskemåla dine for arbeidet og livet, som om driftstekniske forhold. Vil du verkeleg dette yrket? Tolar du, partnarforholdet og familien stresset og utgiftene ved ein krevjande byggeprosess? Svarer teikningane og i-mek-løysningane du får presentert akkurat til forskriftene, eller har du høgare mål for dyrevelferda – og bondevelferda? Er du klar for gjeld?

– Ha ein langsiktig plan. Og vik ikkje frå den, rådar Selmar Wathne (25).

Saman med Tina Sviland Bertelesen (23) har han bygd nytt fjøs i Sandnes. Bonderådets Bjørn Lende tar turen innom paret for å høyra meir om korleis dei starta heile byggeprosessen, og erfaringane dei har gjort seg.

Bonderådet, som i tillegg til Lende består av Ingvild Steinnes Luteberget og Jenny Kleppe, har sjølv gjort seg ein del tankar rundt bygg, som dei deler med deg. Eit er dei tre samde om: Skal du bygge for framtida, må du vera blant dei beste bøndene – og villa det veldig.

Spiss øyrene!

Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller på bondevennen.no

Podcasten er sponsa av Bonde­Kompaniet og Jæren Sparebank.

Stikkord denne saka: