Vil inn: F.v. Malin Indrehus Andreassen, Sara Solgård Mellingen, Olav Hognestad Lea, Andreas Moi, Vetle Kvinen, Stine Aarsland Nodland og Marcelius Mydland er på Geno-møte for å læra. Dei drøymer om eit liv som bonde, men veit at marknaden for å kjøpe eigen gard,<br />
utan odel, er tøff.

Vil inn: F.v. Malin Indrehus Andreassen, Sara Solgård Mellingen, Olav Hognestad Lea, Andreas Moi, Vetle Kvinen, Stine Aarsland Nodland og Marcelius Mydland er på Geno-møte for å læra. Dei drøymer om eit liv som bonde, men veit at marknaden for å kjøpe eigen gard, utan odel, er tøff.

Ungdom søker kunnskap – og gard

10. oktober 2024 | Aktuelt

Det er avlsmøte på Genoloftet på Særheim. Bak i rommet sit sju ungdommar rundt eit bord. Alle sju er avløysarar. Alle vil drive med landbruk, og aller helst drive sin eigen gard. Men berre éin har odel.

Liv Kristin Sola

– Me er her for å få meir kunnskap. Det er interessant å høyra kva for eigenskapar som er viktige og som må prioriterast i avlen, seier Sara Solgård Mellingen (17).

Det er andre gong Sara er på avlsmøte på Genoloftet. Første gong var då Geno arrangerte ungdomskveld under marknadsveka tidlegare i år. I kveld er ho i lag med vennegjengen frå Øksnevad vgs. Malin Indrehus Andreassen (17), Andreas Moi (18), Vetle Kvinen (17) og Stine Aarsland Nodland (17) går alle VG2 Landbruk. Neste år skal dei ta agronomen.

Marcelius Mydland (19) og Olav Hognestad Lea (18) er òg ein del av gjengen. Olav skrur traktorar og maskinar på Eik-senteret på Klepp. Marcelius er læring på Tellenes, Titania, som anleggsmaskinmekanikar. Alle sju er avløysarar på mjølkebruk. Halvparten i båsfjøs.

På leit etter gard

Heime hjå Olav er det mora som driv garden på heiltid. Olav er eldst og har planar om å overta ein dag.

– Jur og klauv er viktig for å få haldbare kyr og fleire laktasjonar. Så det er eigentleg viktigare enn liter mjølk, seier 18-åringen.

Han har begynt å spare til han skal overta. Det same har Andreas. Forskjellen er at Andreas må ut på den frie marknaden om han skal finne gard. Det må dei andre òg. For alle vil helst bli bønder ein gong i framtida. Men å få tak i ein gard er verken enkelt eller rimeleg.

– Heldigvis finst det odelsjenter. Det kan fort bli rimelegare, kjem det frå Andreas.  

«Skal du selje garden, ikkje sel til byfolk som berre vil bruke garden til hytte.»

Marcelius Mydland (19)

Småbruk blir hytter

Stine er frå sauegard i Eigersund, men ein eldre bror har planar om å overta. Ho og kjærasten Marcelius er begge avløysarar hjå May Sissel Nodland. Der trivst dei svært godt, både med fjøset og bøndene på garden. Men dei vil helst ha sitt eige.

– Jo, me er på leit etter ein gard. Eit bruk som me kan drive og utvikle slik me vil, seier Marcelius.

Men slikt er krevjande å finne. Det er få større bruk for sal, og det som kjem for sal av småbruk, blir selde til byfolk.

– Det er det som er utfordringa i Dalane. Alle små bruk som kjem for sal blir selde til rike stavangerfolk som ikkje skal bruke garden. Dei vil berre ha ei fin hytte som dei bruker ei veke eller to om sommaren. Desse gardane blir selde på eit blunk, og me klarer ikkje å matche prisen, seier Marcelius, som er frå Sokndal.

Konsesjonsgrensa er i dag på 35 dekar dyrka jord. Bruk som er under denne grensa har ikkje den priskontrollen som konsesjonsgrensa gir. Marcelius meiner det er ei utfordring. Han meiner 35 dekar dyrka jord gir mange moglegheiter for dei som er interessert.

– Me kan gjere mykje ut av eit bruk som er langt mindre enn 35 dekar. Om du berre vil og er interessert. Det kjem an på korleis du bruker det du har, seier han.

– Kva vil du seie til dei som sel mindre bruk?

– Skal du selje garden, ikkje sel til byfolk som berre vil bruke garden til hytte, kjem det kjapt frå 19-åringen.

– Me er mange unge som gjerne vil drive mindre bruk, men me slepp ikkje til fordi me har ikkje midlar til å konkurrere med prisane på desse bruka, legg han til.

Lang veg heim

Etter møtet står fleire av ungdommane utanfor og pratar. Godt kledd i gule varmedressar. Klokka nærmar seg 23. Det er på tide å starte firhjulingane.

– Eg er nok ikkje heime før halv eitt, seier Vetle, som skal køyre til Helleland, heilt sør i fylket. Andreas skal til Bjerkreim og Sara til Oltedal.

Stikkord denne saka: