Gjødselsonar: Til venstre: Oversikt over mengde gjødsel frå storfe og gris for ulike delar av Jæren. Dette gir eit grunnlag for (til høgre) dimensjonering av biogassanlegg som kan supplera Bio Jæren AS på Grødeland – det einaste prosjektet som så langt har planavklart areal. Figuren er henta frå analysematerialet som Klepp kommune og Statsforvaltaren gjekk gjennom i eit dialogmøte om biogass 9. september. Den lilla sirkelen til høgre markert med 200 000 tonn, symboliserer Dalane Biogass sitt behov for husdyrgjødsel. Illustrasjon: «Kunnskapsgrunnlag biogass i Klepp. Status 3.oktober 2024», figur 37, s. 24.
Klepp klargjer det jærske biogass-kartet
Då biogassaktørane flokka seg om Klepp, tok kommunen kontakt med Statsforvaltaren for å avklara vegen vidare. Dei tydlege signala derifrå kan nå bli retningsgivande for kor biogassanlegg kan bli etablert både i Klepp – og på Jæren.
Bothild Å. Nordsletten
Før sommaren tok Biokraft, Lyse og Havila biogass kontakt med Klepp kommune. Alle dei tre biogassaktørane presenterte planane sine for å etablere seg i kommunen. Havila og Lyse ville såleis vita kor det var ledige tomter for eit større biogassanlegg. Biokraft, som blir støtta av Q-meieriene, var klar med to eigne plasseringsforslag.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.