Knott i kasta

4. oktober 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Søte seinsommarvindar har bore ein sviande gjest til lands, og med den også ein frykta virussjukdom for sau og storfe.

Blåtunge er vond og i verste fall dødeleg for sau. Plagsam for storfe. Ufarleg for menneske – men inneber mykje klatt for bønder og andre involverte. Eit husdyrglissent Dyrsku’n, avlyste mønstringar og kåringar, restriksjonar og uro er ikkje det ei alt marginalisert husdyrnæring treng.

Like fullt, etter å ha herja på kontinentet, flaug altså sviknotten, som ber med seg blåtungeviruset, over til både Storbritannia og Noreg i august, og til Sverige i september.

På kontinentet er blåtunge ein såkalla liste-3 sjukdom. Der har ein for lengst gitt opp å stogga smitteberaren, som sjølvsagt gir eit kjapt vengjeslag i politiske landegrenser. I Noreg derimot, i ly bak Skagerak, er blåtunge plassert i den mest alvorlege kategorien, ein såkalla liste 1-sjukdom. I same kategori finn me mellom andre afrikansk svinepest, fugleinfluensa og Ebola. Liste 1-sjukdommar blir vurdert som svært alvorlege. Dei er meldepliktige, og utbrot medfører omfattande mottiltak.

I skrivande stund har sviknotten sett sitt blåmerke i Agder, der 26 besetningar –  21 på sau, fem på storfe – har fått påvist smitte, samt i to besetningar sør i Rogaland. Ennå fleire besetningar i dei same fylka, samt i Akershus og Buskerud, ventar på prøvesvara som vil avklara mistanken om smitte. Prøvesvar frå tankmjølk skal bidra til å avdekke kor langt smitta har kome i landet.

På den positive sida, så minkar knotten sine utsikter til å oppformeira og spreia blåtungevirus for kvar kjølegare dag. Undervegs vurderer ei samla næring tiltak. For sjølv om vinteren tar knotten og viruset i den, kan smitta framleis spreia seg med sæd, frå vêr til søye, og ikkje minst frå ku til ufødd kalv.

Rådet er derfor å ta inn avlsdyr, i ly for knotten som ennå finst. Å følgja godt med på drektige kyr og kviger. Å ikkje selja eller flytta dyr utan å følgja Mattilsynet og næringa sine krav og tilrådingar. Og å sjå til at avlsvêrane er i form nå når dei snart skal i elden. Me oppmodar alle om å følgja desse enkle og viktige råda for å avgrensa ytterlegare liding og tap i månadane som kjem.

Det er 15 år sidan blåtunge sist vart påvist i Noreg. Sidan dess har me vore råka av fleire ulike sjukdomsutbrot på både dyr og planter. Nå er blåtunge her igjen, og veterinærane seier me må forventa nye utbrot i åra som kjem.

Pågåande smitte er såleis ei sur påminning om den risikoen me må leva med i ei verd der me sjølve pustar til vindar som blir alt varmare, våtare og meir lunefulle.

Det er òg ei skarp åtvaring til dei som trur me vinn på å kutte i veterinær-, eller rådgjevingskapasiteten.

Og ikkje minst: Måten næringa verkar å ha handsama utbrotet på så langt – effektivt og med tett dialog mellom aktørane – er eit prov på verdien av god beredskap.

Me kan ikkje stogga vindane, men me kan og må bu oss på at dei kjem til å blåsa hardare.

DEI SISTE LEIARANE:

Nokon må ut

Nokon må ut

Sjå lammet. Skamma over å vera rogalending overgår nesten fortvilinga ved synet av den nyfødde, gravskitne og forkomne skapninga på veg ned i gjødsla.
Igjen.

Gjødsel er makt

Gjødsel er makt

Biogass-selskapa som frir til bøndene på Jæren driv ein modig omgang med presens, tidsforma som viser at noko hender nå.

Planlegg nå

Planlegg nå

Ubuntu. Eg er fordi vi er. I kjernen av den sør-afrikanske leveregelen ligg nærvære, samhald, respekt og audmjuke. Først og fremst mellom menneske.