Storskala: Slik ser Bio Jæren føre seg at biogass-og gjødselfrabrikken deira på Grødaland i Hå kommune skal sjå ut. Anlegget vil dekka om lag 70 mål og vera godt synleg frå R44. LNF-området vart 5.september regulert til plasskrevjande næringar som avfallshandtering, handsaming av avfallsprodukt og energi-/biogassanlegg, samt kommunalteknisk reinseanlegg for avlaups- og overvatn. Illlustrasjon: Bio Jæren / Prosjektil

Storskala: Slik ser Bio Jæren føre seg at biogass-og gjødselfrabrikken deira på Grødaland i Hå kommune skal sjå ut. Anlegget vil dekka om lag 70 mål og vera godt synleg frå R44. LNF-området vart 5.september regulert til plasskrevjande næringar som avfallshandtering, handsaming av avfallsprodukt og energi-/biogassanlegg, samt kommunalteknisk reinseanlegg for avlaups- og overvatn. Illlustrasjon: Bio Jæren / Prosjektil

Bio Jæren på bana

27. september 2024 | Aktuelt

– Me har ein veldig realistisk framdriftsplan, seier talsmann Esben Tonning Otterlei.

Bothild Å. Nordsletten

Biokraft og Havila har for lengst presentert sine biogassplanar til nyfikne og potensielle gjødselleverandørar på Jæren. Medan avtalevilkåra deira sirkulerer, er den store snakkisen blant bøndene som ennå ikkje har signert: Kva selskap har eigentleg den beste avtala for meg som bonde?

Spekuleringa har dradd ut, for ein tredje kjend og tung aktør har latt venta med å vise korta. Men 2.oktober, som den siste av dei større biogassaktørane, inviterer nå også Bio Jæren til ope møte om planane sine for eit storskala biogassanlegg og gjødselfabrikk på Grødaland i Hå kommune. Tema blir status for prosjektet, klima- og fosforvinstar for bonden, samt avtalar og økonomi.

Bio Jæren AS er eit konsortium skipa av bondesamvirket FKRA, energiselskapa Lyse og Air Liquide Skagerak, samt det interkommunale vass-, avlaups- og gjenvinningsselskapet Ivar.

Ein av grunnane til atterhaldet deira er at Bio Jæren har villa venta på at tomta skulle regulerast. Og når dei 70 måla nå er regulert, meiner talsmann Esben Tonning Otterlei at Bio Jæren har eit fortrinn.

– Prosjektet vårt er gryteklart og tomta på Grødaland regulert spesifikt for biogass. Anlegget kan vera oppe å gå i 2027, seier han til Bondevennen, og forklarar:

– Me har venta på reguleringa slik at bonden kan vera tryggare på framdrifta og realismen i prosjektet vårt. Reguleringa er ein viktig milepåle, og nå gler me oss til å møta bøndene.

Der det skjer:  - Prosjektet vårt er gryteklart og tomta på Grødaland regulert spesifikt for biogass, seier talsmann for Bio Jæren, Esben Tonning Otterlei. Tomta kan skimtast i bakgrunnen.

Der det skjer:  – Prosjektet vårt er gryteklart og tomta på Grødaland regulert spesifikt for biogass, seier talsmann for Bio Jæren, Esben Tonning Otterlei. Tomta kan skimtast i bakgrunnen.

«Veldig» realistisk plan

Tonning Otterlei, som nyleg også fekk tittelen administrerande direktør for nysatsinga Lyse Bio AS, er klar over den sterke konkurransen og at bøndene slik sett står i ein gunstig situasjon når dei skal velja.

Han håpar at bøndene er interessert i kva Bio Jæren har å tilby. På møte i neste veke vil selskapet presentera intensjonsavtala si, som alt er vist til dei bøndene som har deltatt i deira eiga referansegruppe.

Tonning Otterlei seier han ikkje har sett avtaletekstane til konkurrentane, men er trygg på at Bio Jæren sin avtale står seg.

– Me meiner det, ja. Me har hatt dialog med bøndene og fått tilbakemeldingar om korleis vår avtale står seg i forhold til alternativa. Det kan godt vera at somme vil meina at dei andre sine er betre, men me meiner me kjem med eit godt og langsiktig verdiforslag til bonden, og ein veldig realistisk framdriftsplan. At konsortiet vårt er sett saman av selskap med kompetanseområde som komplimenterer kvarande, er også ein styrke.

Ifølgje Bio Jæren-talsmannen dekker avtala deira økonomi, men også tema som biorest og eventuelle investeringar som må gjerast for å levera/ lagra gjødsel og biorest.

«Me har ikkje sett oss eit absolutt mål
for kor mykje gjødsel som må til
for at me trykker på på-knappen.»

Esben Tonning Otterlei, talsmann for Bio Jæren

Skal realiserast

På spørsmål om det er nok jærsk gjødsel for at alle dei store biogassanlegg-planane som verserer, kan bli realisert, har dei fleste som kjenner bransjen svara «nei».

– Usikkert, vedgår Tonning Otterlei.

– De har tidlegare meldt at de vil kunne handtera 650 000 tonn husdyrgjødsel årleg. Men kor mykje gjødsel vil de ha sikra dykk tilgang til, for å gå i gang?

– Me har ikkje sett oss eit absolutt mål for kva som må til for at me trykker på på-knappen. Det handlar også om samansettinga av gjødsla – at me treng rett blanding for å sikra tilstrekkeleg økonomi. Men Bio Jæren vil realisera dette anlegget, seier Tonning Otterlei.

Bio Jæren AS sitt opne møte føregår på Vitengarden på Nærbø/ Jærmuseet 2. oktober kl. 19.00.

Påmelding til Bio Jæren informasjonsmøte 2. oktober kl. 19:00-21:00 på Vitengarden på Nærbø (office.com)

Stikkord denne saka: