Bygge eller ei? Det er ennå spørsmålet for ein del rogalandsbønder om dagen. Lausdriftskravet slår inn om mindre enn ti år.
Bygge? Få med deg lausdriftsmøta
To møte på gang, for deg som vurderer ombygging.
Bothild Å. Nordsletten
Lausdriftskravet kjem stadig nærmare, men ennå er om lag 40 prosent av kufjøsa i Rogaland båsfjøs. Klokka byrjar for alvor å tikka for dei som vurderer ombygging.
Landbrukspartnarskapen i Rogaland arrangerer derfor to møte om lausdrift i neste veke. Eit i samarbeid med Bjerkreim kommune på Vikeså 17.september, og eit i Ølen i samarbeid med Vindafjord kommune 18.september.
Anten du berre er nyfiken eller alt har byrja grubla seriøst om lausdrift, er målet for møta å gi deg nyttig informasjon om ein eventuell byggeprosess. Statsforvaltaren vil fortelje om status for lausdriftsutviklinga i fylket og Innovasjon Norge om korleis du søkjer støtte frå dei til byggeprosjektet. Bondelaget kjem også med innspel. I tillegg vil bønder som alt har lagt om til lausdrift dela av sine erfaringar.
Følg lenge for påmelding: Tankar om nytt lausdriftsfjøs? Velkomen til informasjonsmøte om investeringsmidlane | Statsforvaltaren i Rogaland (statsforvalteren.no)