Bondevennens møtekalender
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Inspirasjonsdag om juletreproduksjon og ope årsmøte
1. oktober
Tid og stad: Tysdag 1. oktober 2024 på Aksdal Inn, Tysværvegen 15, 5570 Aksdal
Målgruppe: Bønder/skogeigarar som vil starta opp med juletre- eller pyntegrøntproduksjon, eller vurderer dette.
Påmelding: www.statsforvalteren.no/nb/Rogaland/Kurs-og-konferanser/ eller 973 00 095. Påmeldingfrist: 24. september.
(Du vel sjølv om du vil delta heile dagen, eller berre på seminaret)
Arrangør: Skogselskapet i Rogaland, i samarbeid med Statsforvaltaren, Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune.
Mat, arrangement og transport: Mat og arrangement er gratis.
På utedelen køyrer me eigne bilar.
PROGRAM:
Frå 09.30 Enkel servering ved ankomst.
10.00 – 11.30 Ope årsmøte i Skogselskapet i Rogaland.
11.30 – 12.00 Lunsj.
Inspirasjonsdag om juletre- og pyntegrøntproduksjon – auka inntekt på garden?
12.00 – 14.00
Ynskjer du å utvida inntektsgrunnlaget på garden?
Lurer du på om juletre og pyntegrønt kan vera svaret?
Då er dette seminaret for deg, for her får du vite kva som skal til for å lukkast med juletre!
Lena Nergård frå Norsk Juletreservice og Gudrun Margrete Dyrseth frå Rogaland Juletre deler av sin kunnskap knytt til:
• Kva du må tenka gjennom når du vil satsa på juletre som næring.
• Maknaden og økonomien i juletreproduksjonen.
• Ei næring der det er plass til fleire!
• Kor får eg hjelp undervegs?
• Innføring i skogfond i tilknyting til juletreproduksjon v/seniorrådgivar Morten Svanes, Statsforvaltaren.
UTFERD:
14.30 – 16.30 Gardsbesøk på Straum Juletregard Olav Straum
– juletreproduksjon i 3 generasjonar
Adresse: Straumsvegen 27, 5567 Skjoldastraumen
Ønsker du ditt arrangement under faglag og møte i bladet og i denne kalenderen kan du sende det inn her.