Grøn draum: Biogass kan bli bra for landbruket på mange vis. Men førebels er det som ennå er ein ung bransje i Noreg, hefta med mange spørsmål og uvisse kring lønsemd. Illustrasjonsfoto: Istock / Petmal
ytring:
Kan biogass løysa fosforutfordringa?
Mange bønder trur at biogass er ein viktig del av løysinga på fosforproblematikken. Det uroar meg, skriv leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.
Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.
Gjødselkøyring i regnvêr er bra. Det sikrar at plantene får tilgang på mest mogleg av næringsstoffa i husdyrgjødsla. No trugar derimot nokre andre mørke skyer over gjødselvogner og stripespreiarar: Etter planen skal nytt gjødselregelverk verta vedtatt i haust, og tre i kraft i løpet av dei næraste åra.
Eg er glad i optimistiske og løysingsorienterte bønder. Men det bekymrar meg at så mange bønder trur på biogass som ein viktig del av løysinga når grensa for fosforgjødsling vert redusert.
Biogass har mange positive bidrag til landbruket. Det reduserer klimagassutsleppa, gir ein meir homogen biorest og kan bidra i logistikken med å flytta gjødsel frå fjøs til ulike lager. Men om biogassanlegg i tillegg kan løysa utfordringa med nye krav til spreieareal er foreløpig svært uavklart.
Det er fleire biogassanlegg under planlegging i Rogaland. Eg uttaler meg ikkje om dei enkelte planane, men ser at det er nokre fellestrekk:
– Kva skal blandast inn i husdyrgjødsla?
Å blanda slakteriavfall frå fisk eller dyr saman med husdyrgjødsla er aktuelle tiltak for å få ein effektiv prosess i anlegget, og lønsam drift. Men det kan tilføra fosfor og/eller tungmetall i bioresten.
Å ta imot meir fosfor enn bonden har levert inn til anlegget er uaktuelt for dei fleste. Å motta same mengd fosfor, men eit mindre volum, fører til at ein får mindre av dei andre næringsstoffa tilbake.
Ståle Hustoft
– Kan fosfor fjernast frå bioresten?
Dei fleste som trur på at biogassanlegget skal redda oss frå strengare spreiearealskrav har fått presentert at fosforet kan fangast opp, slik at bioresten er fosforredusert. Det er mogleg teknisk. Men er det foreinleg med lønsam drift?
– Blir anlegga realisert, og eventuelt når?
Tidsperspektivet er viktig. I gjødselbrukforskrifta som regjeringa sende på høyring i mars, skulle første nedtrapping skje allereie 1. januar 2025. Det er gitt tydeleg beskjed i høyringsrunden om at landbruket treng lenger tid til omstilling. Eg tenkjer uansett at det hastar. Tida frå planprosess og søknad om offentleg stønad, til anlegget leverer biogass, må kortast ned. Me må få realisert nokre prosjekt for å visa at det fungerer!
«Me må få realisert nokre prosjekt
for å visa at det fungerer!»
Ståle Hustoft
Klimavinst, ja. Men til kven?
Ei siste utfordring som ikkje er relatert til gjødselbrukforskrifta: Kven skal få ta med reduksjonen i klimagassutslepp i sitt klimarekneskap – bonden eller eigaren av biogassanlegget?
Eg skal pusta letta ut om det viser seg at mine bekymringar er ugrunna. Biogass er uansett eit viktig tiltak for å nå landbruket sine mål om reduksjon av klimagassutslepp. Men for dei bøndene som no går inn i ein utfordrande periode med omstilling til nytt gjødselregelverk, er det viktig å få raske og forpliktande avklaringar på om biogass faktisk kan hjelpa på fosforoverskotet.
Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag