Næring og livsstil: På New Zealand er sauedrift både næring og livsstil, og saueklipping er eit yrke og ein idrett som det er knytt stor prestisje til å meistre. Her frå Glenmore Station, som leverer ull til Devold. Foto Devold.

Praksis på New Zealand

20. august 2024 | Aktuelt

Lovise Rimmereid er fascinert av saueklipping. No vil ho lære seg teknikken og ser fram til eit heilt år med saueklipping og ullsortering på timeplanen. Ikkje minst praksis på saueøya New Zealand.

Liv Kristin Sola

Som ei av to elevar på saueklippelinja på Hallingdal folkehøgskule på Gol, er Lovise Rimmereid med på å skrive historie. Eit slikt skuleår finst nemleg ingen andre stader i Europa.

Vil lære teknikken

Lovise gler seg til å ta fatt på eit skuleår fullpakka med sau. Og over nyttår blir det etter planen studietur til New Zealand. Landet med fleire sauer enn folk, og kor saueklipping er nasjonalsport.

– New Zealand blir absolutt høgdepunktet, seier odelsjenta frå Fitjar i Vestland.

– Både det å reise så langt, og å få jobbe i lag med saueklipparar i ein av dei største klippenasjonane i verda, var absolutt noko som gjer studiet interessant.

Lovise vaks opp med mjølk og sau heime på Fitjar. Ho er utdanna agronom ved KVS Lyngdal, og planen er å overta heime. Men ikkje før ho har prøvd seg på litt anna.

Nye utfordringar: Lovise Rimmereid frå Fitjar er klar for å flytte til Gol for å lære å klippe sau. Ho vil gjerne ha fleire medelevar. Foto: Privat.

No ser ho framt til å flytte til Gol i Hallingdal eit år. Bu på internat. Treffe nye vener, og lære seg å meir om ull og teknikken med å klippe sau.

– I Lyngdal prøvde me å klippe litt sau på bukk, men eg vil gjerne lære meg å klippe skikkeleg. Med skikkeleg teknikk, seier ho.

Ullhandtering: Planen er at elevane skal lære både klipping og ullhandtering medan dei er på New Zealand. Foto Armidale Merino/Devold.

Kultur og livsstil: Sauedrift og saueklipping er både næring, kultur, sport og livsstil for mange på New Zealand. Og klipppelaga reiser frå farm til farm for å klippe flokkar på tusenvis av sau. Foto: Armidal Merino/Devold.

NM i klipping og ullhandtering

Ullhandtering, ullkvalitet og klassifisering står òg på timeplanen. I tillegg til sanking og NM i saueklipping og ullhandtering i september.

Lovise innrømmer å ha konkurranseinstinkt. Men trur ikkje ho klarer å finpusse teknikken godt noko til å bli klar til å delta i NM allereie i år. Likevel skal me ikkje sjå vekk frå at ho dukkar opp på deltakarlista om eit år eller to.

– Kva er det som er så interessant med å klippe sau?

– Det er ein kul måte dei gjer det på, slik dei handterer sauen og beveger den rundt, medan dei klipper, seier Lovise.

Mentor og mykje praksis

Innflytting på internatet er 25. august. Lovise køyrer til Gol med eigen bil. Skal dele rom med ei anna jente. 19-åringen er van med internatliv, men har aldri budd i dobbeltrom før.

– Eg trur det blir ein fin måte å bli kjend på, seier ho.

Delar av undervisninga skal dei ha i lag med  dyrepassarlinja. Men elevane på klippelinja er lova mykje klipping, sau og ull. Og dei skal få klippe hjå bønder lokalt i lag med erfarne mentorar.

– Eg håper det blir eit kjekt og lærerikt år, og at eg frå inn klippeteknikken, seier Lovise.

Det blir garantert mykje praksis, ingen karakterar, men ei yrkesretta utdanning som ho kan bruke seinare i livet. Til å klippe eigne dyr, men og til å klippe for andre for å spe på inntekta frå garden​

Trykk på faksimilen over for å lesa artikkelen frå Bondevennen nr 4.

Odelsjente: Lovise tenker å overtak heimegarden ein dag, men først vil ho gjere noko anna, og treffe nye folk. Foto Privat. 

Ønsker fleire elevar

Står du utan skuleplass? Eller kom du ikkje inn på det du ønska? Saueklippelinja på Folkehøgskulen på Gol har ledige plassar. Og du treng ikkje ha erfaring med sau eller klipping frå før.

Saueklippelinja har plass til ti elevar, men i skrivande stund er det berre to som har takka ja til plass. For dei to elevane blir det eit skuleår på ei linje som er unik i Europa.

Edda Charlotte Bøhn er ansvarleg for klippelinja ved Folkehøgskulen på Gol. Ho har eit håp om at fleire elevar skal oppdage dette spesielle tilbodet og søke – for det er framleis mogleg å kaste seg på.

Tett oppfølging

Skulen har bestemt seg for å starte klippelinja, sjølv om det berre er to elevar per i dag. Det kan dei fordi dei allereie har eit tilbod om dyrepasserlinje, kor det i år er åtte elevar.

– Elevane på dei to linjene vil ha ein del undervisning i lag. Men saueklipparane vil vere mykje på farten i lag med sine mentorar, for å lære å klippe, seier Edda.

Læraren understrekar at elevane vil få tett oppfølging, både av skulen og mentoren, som er ein erfaren klippar i området.

NM og New Zealand

Også Edda trur eit opphald på New Zealand vil bli eit høgdepunkt. Opphaldet er eit samarbeid mellom folkehøgskulen og ullfabrikanten Devold, som har kontraktproduksjon av ull på øya.

– Me er i kontakt med Devold og med sauefarmar på øya, og håper på deltaking for våre saueklipperelever i to til fire veker i januar/februar 2025, seier ho.

I tillegg får elevane ein tur til NM i saueklipping og ullhandtering i Etne allereie i slutten av september.

– Her kan elevane få delta i juniorklassa, dei som har lyst til å prøve seg, seier Edda.

Interessert!

Er du interessert, eller kjenner du nokon dette kan passe for? Ta kontakt med Edda Bøhn på Hallingdal folkehøgskule 93680890, eller email edda@hallingdalfhs.no

Stikkord denne saka: , ,