Meir mjølk

14. juni 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Mjølk er inn igjen. Etter to tiår med stupande forbruk og veganske framtidsutsikter, syter proteintrend, influensarar med kvit bart og fotballstjerner på kartongen for at volumet aukar. Såpass så, at Tine nyleg kunne presentera eit fint resultat for første tertial. Og ganske tomme lager – ein følgjefeil frå føregåande år, då Tine fekk sterk kritikk frå sine eigne for ikkje å auke forholdstalet i tide.

Nå er det samla mjølkebehovet for 2024 rekna til å bli 1481 millionar liter. 35 millionar meir enn planlagt.

Smak på dei. Dei smakar oppmuntrande og innbringande. Men òg litt tankevekkjande.

 For å stetta suget i marknaden er overproduksjonsavgifta sett til 0 ut året. Parallelt gir jordbruksoppgjeret auka mjølkepris og auka tilskot frå 1. juli av.

Dette er gledeleg nytt for ei næring som lenge har slite med lønsemda, og der urovekkjande mange seier at dei vil gi seg.

For mjølka er ryggrada i jordbruket vårt. At me nå treng mykje meir av det kvite gullet er gildt. Det er å håpa at dei produsentane som kan og vil hiv seg rundt og mjølkar alt det dyrevelferd, grovfôrtilgang, kraftfôrpris, klimaomsyn, arbeidskapasitet og spreieareal tillèt.

Lukkast ein med å møta behovet, er det prov på ein mjølkepolitikk med tilstrekkeleg fleksibilitet til å handtera relativt akutte omstillingsbehov. Anten dei er utløyst av flaum, tørke, grovfôrmangel eller marknadssvingingar.

I det som nå vonleg blir eit oppsving må det samstundes vera rom for diskusjon og framsyn. Jordbruks- og mjølkepolitikken lever best med det lange og føre­seielege perspektivet som kompass.

I så måte kan den føreståande «mjølkemaratonen» gi viktig innsikt om kor næringa eigentleg står.

For blir det nok mjølk? Er produsentane i stand til å svara på denne bestillinga? Er det dette som skal til for at bønder som hadde bestemt seg for å legga ned snur og held fram? Bit dei i seg resultatet av jordbruksoppgjeret og går for lausdrift? Er trua der ennå?

Bondevennen kjenner til at fleire bønder i Agder, Rogaland og Vestland er i ferd med å ta opp att mjølkeproduksjonen, eller legge om frå ammeku. Ingenting hadde vore meir stas, enn om det er ein ny trend i emning.

Dei komande månadane vil visa om så er tilfelle.

I mellomtida er Rogaland eit kuhovud framføre resten av landet. Trass i høge kvote- og jordprisar satsar sørvestlendingane på nye fjøs og auka produksjon. Det er dei vel unt.

Utviklinga opnar samstundes for spørsmål om kor me vil ha produksjonsauken og dei ulike produksjonane.

Som Bjørn Lende skriv i førre utgåve av Bondevennen, er det jo i andre delar av landet at dei treng mest stimuli for å sikra framtida til mjølka. I Agder. Og ikkje minst i Finnmark, der den tryggingspolitiske stoda aleine gir grunn til å auka det alt store arbeidsvederlaget for mjølkekyr og lys i fjøsa på grensa langs Russland.

DEI SISTE LEIARANE:

Og svaret er: Meir ull

Og svaret er: Meir ull

Berekraft er eit ullent ord. Det kan bety alt – og ofte ingenting. Berekraftig vekst, berekraftig shopping, berekraftig leiing eller berekraftige sugerøyr. Mykje tar seg betre ut i grøn saus.

Heia dei som bygger!

Heia dei som bygger!

Å reisa ein ny driftsbygning på garden, er stort for bonden og familien. På mange vis. Satsinga på fleire titals millionar kroner er eit økonomiske kjempeløft for generasjonen som signerer lånepapira, set gravemaskinskuffa i jorda og bestiller betongbil.

Knott i kasta

Knott i kasta

Søte seinsommarvindar har bore ein sviande gjest til lands, og med den også ein frykta virussjukdom for sau og storfe.