Kva er utfordringane og potensialet i kjøtfeproduksjonen? Tjue kjøtprodusentar set seg på skulebenken for å læra av forelesarar og av kvarandre.
Liv Kristin Sola
– Biffakademiet skal spegla heile produksjonen. Me håper deltakarane skal vera betre i stand til å sjå marginane i produksjonen etter dette kurset, seier Øystein Havrevoll.
Havrevoll er spesialrådgjevar storfe hjå Nortura. Saman med Christina Halvorsen, prosjekt og administrasjonsmedarbeidar hjå Tyr, er han ansvarleg for gjennomføringa av kursdagane.
Ønska av bøndene sjølve
– Biffakademiet kom i stand etter at produsentane sjølve etterspurde eit slikt tilbod. Dyktige forelesarar og ikkje minst gode diskusjonar, bidreg til at alle har utbytte av kurset, seier Havrevoll.
Nivået på deltakarane varierer. Arrangørane legg vekt på at det skal vera noko å henta for alle, både dei som er nokså ferske, dei som legg om frå mjølk til spesialisert kjøtproduksjon, og for dei som har drive i mange år. Det første kurset vart tilbudd i 2011. Kurset er basert på teoretiske forelesingar med praktiske eksempel. Innleiarane har alle god erfaring innan det fagområdet dei underviser i. Praktisk erfaring gjer at dei kan krydra teorien med gode eksempel. Til no er det rundt 100 produsentar som er i gang med eller har fullført kursopplegget. Om lag 20 av dei har avlagt eksamen.
– Me opplever jo at deltakarane lærer mykje av kvarandre. Pausane vert nytta til å utveksla erfaringar og danna nettverk. Mange får gode tips til kva dei kan prøva for å betre drifta på eigen gard, stadfestar Havrevoll og Halvorsen.
– Det gjeld framleis å observera dyret og sjå på besetninga. I framtida vert det endå viktigare å sjå på marginane. Skal produksjonen løna seg, må kvar enkelt tenke gjennom drifta og vurdera ressursane på garden og vurdera kor dei kan bli betre, seier Havrevoll.
Kunnskap for å auka produksjonen
I søknadsomgangen 31.07.14 var det registrert 75.655 ammekyr for spesialisert kjøtproduksjon, mot 223.754 mjølkekyr. Auka avdrått i mjølkeproduksjonen gir mindre kjøt, ein reduksjon som den spesialiserte kjøtproduksjonen ikkje klarer å dekka. Ifølgje arrangørane er det ønskeleg med fleire produsentar, men dei legg heller ikkje skjul på at det er potensiale for auka produksjon innanfor dagens omfang.
– Lette slakt er dårleg økonomi for bonden, konstaterer Havrevoll, og utdjuper:
– Produsentane må bestemma seg for slaktealder, basert på eit driftsopplegg som passar deira produksjon. Når slaktealder er sett, må det leggast ein plan for korleis ein skal nå målet, korleis dyra skal fôrast for å nå ønska vekt ved ønska alder. Registrere vekt ved fødsel, og ved avvenning (200 dagars vekt) og vekt ved 365 dagar. Å fôra fram ein okse frå fødsel til slakt, krev 7-10 FEm per kg slakt.
Arrangørane tilrår å inseminera med kjøtfe på mjølkekyr ein ikkje vil avla på. Han minner om at trek-ket på 500 kroner for holsteinoksar, forsvinn når holstein er kryssa med kjøtfeoksar.
Tiltak for å auka kjøtproduksjonen:
- Meir kjøtfe på mjølkekyr. I kombinasjon med kjønnsseparert sæd, er det aktuelt med kjøtfe på dei kyrne som ein ikkje ønskjer å avla på.
- Stimulere til auka produksjon i alle besetningar. Mål om ein kalv per ku per år.
- Redusera kalvetap. Åtte til ti prosent av kalvane dør i løpet av det første leveåret.
- Meir planmessig produksjon for å unngå lette slakt.