Nytt liv i den gamle enga
Våren er i rute, og grasfrøet responderer på gode spireforhold.
Sjur Håland
Sola skin, graset veks, og kjelvene ser godt ut. Fotografiet, knipsa på morgonen 14. mai, syner eitt- og toårig raigras som spirer friskt i ei gammal eng midt på Jæren. Såmengda her var tre kilo på målet med ei 50/50 blanding av dei to raigrassortane. Enga, med mykje kveke i, vart direktesådd første veka i april med ein Rapid-såmaskin som legg raigrasfrøet ein centimeter ned i bakken. Etter ein dryg månad er spirene alt 4-10 centimeter lange. Her ligg det meste til rette for gode avlingar til andre- og tredjeslåtten.
Foto og info: Ragnvald Gramstad