Ei unik erfaring: Glenmore Station er ein av dei store sauefarmane som har direkteavtale om leveranse av merinoull til Devold. Dei norske elevane skal klippe crossbredsau, men i det same mektige landskapet på Sørøya av New Zealand. Foto: Devold.

Lyst til å klippe sau på New Zealand?

22. februar 2024

Er du over 19 år, litt eventyrlysten, og trivst med dyr? No kan du søke på klippelinja på Hallingdal folkehøgskule, og få klippe sau på New Zealand neste vinter.

Liv Kristin Sola, Bondevennen

Mange av dei aktive saueklipparane her til lands har vore minst éin tur til New Zealand for å klippe sau. På eige initiativ. På New Zealand får dei finslipt teknikken, og dei får mengdetrening. Men kanskje like viktig – dei får innblikk i ein heilt spesiell kultur og livsstil, og eit landbruk som er ganske annleis frå det norske.

Stort nettverk på New Zealand

Hallingdal Folkehøgskule på Gol lanserte i fjor ei ny linje; saueklipping. Men dei mangla eit par søkarar for å kome i gang. Primus motor for prosjektet, Eirik Kolbjørnshus, håpar på full klasse i år. Ikkje minst fordi dei har fått Devold med på laget.

– At Devold er med, er heilt klart eit løft for oss. Dei har eit stort nettverk på New Zealand, som me får bruke til å sikre eit godt fagleg og sosialt opphald for elevane, seier han.

På New Zealand vil elevane få oppleve eit nytt land og lære meir om seg sjølv. Og dei får klippe mykje sau, og lære seg god teknikk. I sitt eige tempo.

– Ein aktiv klippar her til lands kan klippe opp mot tjue tusen sau i året, om dei står på. Profesjonelle klipparar på New Zealand klipper åtti til hundre tusen i året, seier Kolbjørnshus.

På New Zealand er saueklipping for ein folkesport å rekne. Og i seinare tid har saueklipping også blitt toppidrett, internasjonalt. Det handlar om kroppskontroll, fysikk, teknikk, tempo og presisjon.

Armidale Merinos: Slik ser det ut i klippehallen (shearing shed) når merinosauene hjå Armidale Merino Stud blir klipte. Dei norske elevane vil bli sertifisert og kan jobbe med saueklipping og ullhandtering verda over, om dei ønsker det. Foto: Armidale Merino Stud/Devold. 

Velkommen til New Zealand

Elevane blir godt førebudde før dei reiser, og når dei kjem til New Zealand er det rett i jobb. Craig «Smithy» Smith er Devold sin tilsette på New Zealand. Han får ansvaret for å ta imot og følgje opp elevane når dei er i landet.

– Elevane kjem til Wanaka, på sør-øya, ein liten by omringa av fjell og mykje sau. Dei får oppleve landbruk og familieliv, og vil bli godt kjent i området, seier han.

Ungdommane skal klippe og sortere ull i lag med lokale klipparar og får opplæring av erfarne instruktørar.

– Somme av dei har konkurrert i verdstoppen, og bruker no tida si på å lære opp andre, seier Smithy.

Blir sertifisert saueklippar

Elevane følgjer det same kurset som dei lokale lærlingane, og blir sertifisert etter WOMOlife-standarden. WOMOlife står for: “Work wise, moove wise, for a career in wool for life”. Klipparane lærer å bevege seg smart og bruke utstyret rett for å ta vare både på seg sjølv, dyra og ullkvaliteten.

The wool guy: Craig Smith er Devold sin fulltidssette på New Zealand. Han skal ha ansvaret for dei norske elevane. Foto: Devold

– Kjem du til New Zealand eller Australia og kan vise fram dette sertifikatet, får du jobb innan ei veke. Og når du får erfaring kan du tene gode pengar, seier Smithy, som sjølv vaks opp på ein saue­gard og lærte tidleg å klippe sau.

– Ulla har opna dører og teke meg over heile verda, seier han.

– Likar du fysisk arbeid, kan du oppleve mykje i denne bransjen. Og du vil møte folk som tek imot deg med opne armar.

Ei unik oppleving: Will og kona Emely Murray driv Glenmore Station. www.glenmorestation.co.nz, på sørøya av New Zealand. Litt nord for Wanaka der dei norske elevene skal klippe sau. Foto: Devold.

Bruk hjernen

Arbeidsdagen tek til klokka sju om morgonen og sluttar rundt fem om ettermiddagen. Seks dagar i veka. Eit klippelag på fire har gjerne ein lærling med seg. Og det blir stadig fleire damer i det mannsdominerte yrket.

– Det er fantastisk. Saueklipping handlar ikkje om musklar, men om å bruke hjernen. Mange damer får dette til å sjå så lett ut, fordi dei er smarte og lærer å bevege seg, seier Smithy.

– Farmane er ulike og har sine rutinar, men farmarane er tolmodige. Veit dei er avhengig av rekruttering, seier Smithy.

På New Zealand er det vanleg med flokkar på to til tre tusen sau, og klippinga tek tre til fire dagar.

– Ein erfaren klippar kan klare 300-350 dyr om dagen. Verdsrekorden er godt over 700 sau på ein dag, seier Smithy.

Han ser fram til å møte dei norske elvane, og lovar hardt arbeid, men mykje moro og minner for livet.

På tvers av generasjonar: Alle har noko dei kan bidra med når flokken skal klippast. Dei erfarne har mykje å lære frå seg. Foto: Armidale Merino Stud/Devold.

Treng rekruttering

Bærekraftdirektør i Devold, Trude Ertresvåg, er glad for samarbeidet med Hallingdal Folkehøgskule. Ho er nøgd med at Devold gjennom sine kontaktar, kan tilby dei norske elevane sertifisering og internasjonal erfaring.

– Det er mangel på norske saueklipparar. Devold ønsker å sikre rekruttering til denne viktige jobben. For oss er dette samarbeidet ei langsiktig investering for å ta vare på eit tradisjonshandverk som me er avhengige av, seier Ertresvåg.

I januar er det sommar på den sørlege halvkula, og sesong for å klippe crossbred. Det er desse flokkane dei norske elevane skal få utfordre seg på.

– Dei får med seg kunnskap som dei kan overføre til klippemiljøet her heime, og eit nettverk som dei kan dra nytte av seinare. Og vil dei tilbake til NZ for å klippe merino, så kan me hjelpe dei med det, seier ho.

Til liks med Eirik Kolbjørnshus, har også Ertresvåg merka seg at folkeidretten saueklipping er i ferd med å utvikle seg til ein konkurranseidrett med høge krav til presisjon og kondisjon. Og status.

– Du må vere i god fysisk form, samstundes som du klarer å handtere dyra på ein god måte og tar vare på ullkvaliteten. Dette er toppidrett, seier ho.

Ullhandtering: Å plukke opp og handtere fellen er òg ein del av kurset elevane får delta på. Foto: Armidale Merino Stud/Devold.

Krav til kvalitet og sporing

Devold har strenge krav til ullkvalitet, til drift og dyrevelferd, og har difor direkte­avtale med 43 sauefarmar på New Zealand. Alle med merino. Atten av farmane har eit volum som gjer det mogleg å spore ulla heilt fram til kunden. Dei største leverer store nok volum til ein heil kolleksjon.

–  Desse plagga blir merka med namn og bilete av garden. Det er en sentral del av kvalitetsstrategien vår, «Sheep to shop», seier Ertresvåg.

Devold bruker norsk ull i sine vottar, luer og tjukke genserar. Ertresvåg ønsker seg sporing òg av den norske ulla

– Ikkje på gardsnivå, men frå ei bygd eller eit dalføre. Å kunne spore ei merkevare gjer noko med bonden som leverer ulla. For oss, gir samarbeidet med bøndene eit meir balansert maktforhold gjennom heile verdikjeda, seier ho.

Teamwork: Å klippe 2-3000 dyr tek tre til fire dagar. Då er det viktig med godt samarbeid. Foto: Armidale Merino Stud/Devold.

Glenmore Station Merinos: Alle farmane som Devold har direkte kontrakt med, driv med merionsau for å få den fine merino ulla. Dei norske elevane skal klippe crossbred-rasar. Foto: Devold. 

Direkteavtale: Ull frå Glenmore station blir brukt i Devold sine ullklær. Devold har ein slik avtale om direkteleveranse med 43 produsentar på øya. Foto: Devold. 

Eit år med sau

Hallingdal folkehøgskule tek imot søknadar fram til skulestart, eller til det er fullt. Elevane får bli med på sauesanking, skiljing, klipping og ullhandtering. Du lærer om utstyr og klippeteknikk, og korleis du tek vare både på sauen, ulla og deg sjølv. I tillegg får du gode råd om å starte ditt eige føretak.

– Dette blir eit eksklusivt opplegg med maks ti elevar og veldig god oppfølging, seier prosjektleiar Eirik Kolbjørnshus.

Høgdepunktet er fire til seks veker på New Zealand for å klippe sau med lokale klipparar. Under trygge forhold. Elevane blir sertifiserte klipparar etter fullført kurs.

For å bli tatt opp på linja må du vere over 19 år og du må ha lyst til å jobbe med sau. Så enkelt. Det krevst altså inga erfaring eller landbruksbakgrunn. Men det er sjølvsagt inga hindring.

Året på Folkehøgskule er støtta av Lånekassen.

 

Stikkord denne saka: , ,