Folk drikk mindre mjølk. Men det er framleis mange av oss som vil ha kvitt gull i glaset, ost på skiva og krem på kaka, også i framtida. Kor mange mjølkebønder vil me så ha i Noreg? Kor mange treng me? Spørsmåla blir meir og meir aktuelle, di fleire bønder som legg ned, og di nærare kravet om lausdrift kjem.
I Rogaland har drygt halvparten av dei snautt tusen mjølkebøndene rigga seg til 2034. I Vestland og på Agder driv over 60 prosent ennå i båsfjøs.
Blant bønder som ønskjer å vera med vidare, er investeringsbehovet altså stort, og tida til å omstilla seg er kort. Tilskotet frå Innovasjon Norge på opp til 3,5 millionar kroner, var lenge ei gulrot. Men dyrtid, kraftig kostnadsvekst, samt renteauke, har gjort det vanskelegare å fota seg blant draumar, kalkylar og planteikningar. Mange har lagt investeringane på is.
Nå er tilskotsgrensa heva opp til 50 prosent av byggekostnaden/maks fem millionar kroner. Dette er gledeleg då det ser ut til å vekke interessa for å byggje til live igjen. Iallfall i Vestland. Der får femten søkjarar full utteljing i år. Andre som søkte, må venta til potten fyllest opp att neste år. I Vestland er interessa også stor for å søkja det nye tilskotet til ressursavklaring. Med dette kan bonden undersøkje om ei bruksutbygging kan lata seg gjennomføra, eller om planane må skrinleggast ein gong for alle. Det er med andre ord godt håp for mjølka i vest. I alle fall er det vilje.
Entusiasmen blant vestlandsbøndene, pluss det faktum at interessa er overraskande stor også på Agder og i Rogaland, bør vera eit tydeleg signal til staten om å styrke tilskotsordninga. For det er staten som har vedteke å legga om til lausdrift. Eit samla Storting har også eit mål om landbruk i heile landet og auka sjølvforsyning.
Men kva gjer det med omstillingsvillige bønder når dei blir ståande i kø for å gjere nett det staten ber dei om? Kva hensikt har det for styresmaktene å porsjonere ut pengane, når bøndene vil investere i dag? Ein slik strategi er i beste fall demotiverande. I verste fall gir mange opp. Her bør styresmaktene kjenna si tid og løyva nok midlar slik at alle som vil og kan bygga får gjort det. Jo før jo heller. I tillegg må tilskotssatsen indeksjusterast. Verdien av fem millionar er ein heilt annan ti år fram i tid.
Med mindre ein aksepterer eit stort fråfall frå mjølkenæringa, er tida for å hindra det nå. Løyvande styresmakter må kinna på, så lenge bøndene vil satsa.
Bothild Å. Nordsletten