HØYR!

Ikkje imponert av straumprisutvalet

20. oktober 2023

Satsinga på biogass er halvhjarta.

– Her er mykje gjetting og synsing. Reint skrivebordsarbeid, seier Ola Sunde om straumprisutvalet sin rapport.

Jane Brit Sande

Straumprisutvalet la fram sin rapport førre veke. Ekspertutvalet si hovudoppgåve var å greia ut og drøfta ulike modellar som kan bidra til meir stabile, føreseielege og konkurransedyktige prisar til hushaldningar, industri og næringsliv, samt sikrar investeringar i fornybar energi. Dei konkluderer blant anna med at landbruket er ei spesielt utsett næring for høge straumprisar. Dette skuldast at landbruket er ei energiintensiv næring, med straum som ein viktig innsatsfaktor i produksjonen.
Ola Sunde, grønsaksprodusent på Jæren og leiar av Grøntutvalet i Norges Bondelag, er ikkje imponert av den nesten 300 sider lange rapporten.

– Her er mykje gjetting og synsing. Reint skrivebordsarbeid, seier han.

– Eg saknar noko handfast som me faktisk kan få bruk for. Viss ikkje forvaltinga kan finna på noko betre, får dei fortsetta med makspris på straum til landbruket, men då til 50 øre per kilowattime.

– Det er freistande å spekulera i korleis situasjonen hadde vore om det var i Oslo dei hadde prisane me har i denne straumsona. Då trur eg det hadde vore skikk på sakene rimeleg kjapt.

Landbrukets straumstøtteavtale er gjeldande ut 2024. Straumpristuvalet varslar at prisane vil vere høge også etter dette.

– Straumstøtteavtalen gir oss naudsynt føreseielegheit, så det går jo forholdsvis greitt no. Men det store spørsmålet er kva som skjer i 2025. Me kan håpa at det blir betre. Men «alt» skal over på straum, og me har berre straum nok til fem millionar mann – berre forstaden til ein storby i Europa. Det blir berre viktigare at me held på eigen energiproduksjon, seier Sunde.

I fjor kunne me følgja rotneprosessen på gulrøter «live» på Facebook. På Ogna Gard på Jæren skrudde dei av kjøleanlegget då prisane vart for høge. Dei skrudde på igjen då straumstøtteordninga kom på plass.

– I 2025 blir eg uroa for gulrotkjølane att. Matproduksjonen er heilt avhengig av energi, det er det ingen tvil om, seier Sunde.

Auka støtte til finansiering i energieffektivisering og biogassanlegg er blant tiltaka utvalet legg fram som aktuelle for landbruket. Sunde har i mange år sakna ei satsing på biogassanlegg i Norge.

– I lange tider har vindturbinar og solenergi blitt prioritert, seier han.

Nyleg kom meldinga om at blant andre Bioenergi Finnøy AS fekk løyva støtte frå Enova på 11,6 millionar kroner.

– Det er jo heilt fantastisk. Endeleg fekk dei tilslag, noko dei har jobba hardt for. Men samstundes registrerer eg at satsinga vil kosta 100 millionar. Biogass må, likt som på vindkraft og solenergi, støttast kraftig. Satsinga på biogass er halvhjarta.