«Høyre er opptatt av å bevare jordbruksjord. Samtidig vil det være nødvendig for et samfunn i utvikling og vekst, å omdisponere noe jordbruksareal».
Gretha Braut Nese og Ole Jørgen Alstadsæter, kandidatar for Høyre i Time kommune, Stavanger Aftenblad 19. august
Jordbrukspolitikk er statens ansvar, men det er i kommunen du som bonde driv gard. Det er kommunen som har ansvar for arealpolitikken, vassreguleringa, massehandteringa, gratis lokalprodusert skulemat, eller ei, det lokale natur- og miljøvernet og vegnettet. Alle desse områda legg føringar for drifta di.
Så ja, kommune- og fylkestingsvalet 11. september er også eit bonde- og jordbruksval. Og i tråd med årstida er partia ute etter å sanka stemma di. Men kva parti bør bonden støtta?
Alle partia hevdar at dei vil gjera samfunnet betre. Og berre dei får stemma di, skal det bli vekst og utvikling.
Betre læt bra. Vekst og utvikling kling av optimisme og framdrift. Men betre for kven? Alle? Entreprenørane og handelsstanden? Eller også for meitemakken, kyrne på beite og vassdraget dei drikk av? Kva type vekst er det tale om, og har dette magiske valløftet i det heile noko avgrensing?
På direkte spørsmål vil partia svara at dei er det opplagte valet for deg som bonde. Som sitatet frå Høgre-kandidatane i jordbrukskommunen Time over illustrerer, er det likevel naudsynt å gå valkampspråk etter i saumane. Som dei fleste andre parti påstår også Høgre at dei er «opptatt av» å bevara jord. Men i neste setning set dei nedbygging av «noe» jord som premiss for å vera «et samfunn i utvikling og vekst».
Slik kan politikarar lova betre medan dei slår ein strek over dei 1,2 millionane mål med «noe» matjord som alt er bygd ned i Noreg sidan andre verdskrigen. Slik vidarefører dei også feilaktige, men seigliva assosiasjonar til kulturlandskap, bønder og jobben dei gjer som noko statisk og litt tilbakeskodande – ikkje som utvikling og vekst.
Eit ennå tydelegare prov på kor partia faktisk står, finn du ved å følgja stemmegivinga deira frå sak til sak. Visst skal du røysta, men ein lapp i urna annakvart år er ikkje tilstrekkeleg. Eit levande lokaldemokrati krev vakne og aktive innbyggjarar, interessegrupper og medier. Under valkampane, så vel som i den nøkterne, politiske kvardagen.
Godt val. Bruk røysteretten og støtt det partiet du meiner best dyrkar det du står for.
Bothild Å. Nordsletten