«Verda har blitt rablande gal!» Slik innleier Silje Åsnes Skarstein ein Facebookharang mot dei nye og kjøtfattige nordiske kosthaldsråda.
Og mange deler frustrasjonen hennar. Ja, innlegget har i skrivande stund fått over ni tusen tomlar opp, 17 tusen delingar, samt fleire oppslag i riksmedia. Denne veka møter du oldenbonden også her i Bondevennen.
Frustrasjonen er forståeleg, for dei siste månadane har åtaka mot norsk husdyrhald vore mange og harde. Miljødirektoratet sin rapport, Klimatiltak i Norge mot 2030, lista nyleg opp kutt av raudt kjøt som det viktigaste tiltaket for å kutta utslepp*.
4. juni hevda Dagens Næringsliv på leiarplass at «Tiden for vern av norsk kjøttproduksjon må være over» og at «Et ihjelsubsidiert landbruk kan ikke stå i veien for å nå klimamålene.»
Kommentator i same avis, Anne Rokkan, føreslo på Twitter at staten heller betalar kjøtprodusentane for å «luke og slå gresset, heller enn å sende beitedyr på det».
Og 20. juni kom dei nye kosthaldsråda. Råd som for første gong skulle ta omsyn også til klima og berekraft, og som tilrår at me et drastisk mindre kjøt. Mest på grunn av helseeffekten. Men òg med referanse til globale klimautsleppstal frå husdyrproduksjon, som er mykje høgare enn norske.
«Det handlar om konsum, ikkje produksjon», prøver norske Rune Blomhoff, leiaren for utarbeidinga av råda seg, til svenske Aftonbladet.
Mon det, om råda blir røynd.
Til Nationen åtvarar spesialrådgjevar i NIBIO, Arne Bardalen, mot nedlegging av tusenvis av gardar og brakklegging av store jordbruksområde, i fall råda blir følgde. Bardalen er elles ein av fire forskarar som trakk seg frå arbeidet med kosthaldsråda i protest mot det han meiner var sviktande fagleg nivå om berekraft.
Norske styresmakter bør lytta til han når dei nå skal til å tilpasse råda til grasog utmarkslandet vårt. Dei bør også lytta til bondelagsleiarar og bygdekvinner som ropar varsku mot ei forståing av berekraft blotta for omsyn til geografi og lokale ressursar. Dei bør sjå til Sverige, der landsbygdsminister Peter Kullgren har stadfesta at han vil tilpassa råda til landets eigne føresetnadar for matproduksjon. Dei bør òg lesa den ferske Totalberedskapskommisjonen sin rapport som seier at me må auka norsk matproduksjon og sjølvforsyning – husdyrproduksjon inkludert.
Og dei bør lytta til Silje Åsnes Skarstein, når ho skriv at:
«Eg nektar å gå med på idiotiske klimatiltak i min fjøs fram til vi får med det positive som beitande dyr bidreg med.»
Bothild Å. Nordsletten
* i ikkje-kvotepliktige utslepp i perioden 2021–2030.