HØYR!

Meiner klimaråd truar matproduksjonen

15. juni 2023 | Dessutan

Beitedyra blir klimasyndaren

Miljødirektoratet sin ferske rapport Klimatiltak i Norge mot 2030 legg opp til kraftig kutt i kjøtforbruket for å nå klimamåla. – Ikkje noko særleg å få denne rett i fleisen, seier Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag.​

Sjur Håland

– Eg tykkjer det er svært spesielt at det å kutta i forbruket av raudt kjøt blir framstilt som ei av dei viktigaste klimamålløysingane. Det betyr i praksis at store areal som ikkje høver til korn- og grønsaksproduksjon dermed ikkje kan nyttast til noko som helst.

Agjeld seier at rapporten kjem samstundes med nye tal som syner at klimagassutsleppa går noko ned, (SSB kallar reduksjonen frå 2021-22 på 0,5 prosent for ein «svak nedgang», red. merk). Ho meiner jordbruket har bidrege til reduksjonen gjennom planar og tiltak.

– Utsleppa frå jordbruket utgjer nå åtte-ni prosent av totalen. At ytterlegare kutt skal gjerast innan jordbruket ved at forbrukarane skal eta mindre raudt kjøt, er eit i beste fall svært usikkert tiltak som set den innanlandske matproduksjonen i fare, seier husdyrbonden.

Få dagar etter rapporten kom ei offentleg utgreiing frå Totalforsvarskommisjonen. Dei tilrår mellom anna «Å umiddelbart legge planar for auka sjølvforsyningsgrad basert på norske råvarer».

– Landbruket kan synast å stå i ein skvis mellom klimaråd som seier ein ting og Totalforsvarskommisjonen som seier noko anna. Kva er det som skjer?

– Det lurer eg også på. Klimaråda legg opp til kutt i kjøtproduksjonen, medan Totalforsvarskommisjonen vil auke farta på innanlands matproduksjon.

Ho meiner landskapet er forvirrande å manøvrera i for både bonden og forbrukaren.

– Jordbruket må stå fast på den klimaavtalen med staten som me alt har forplikta oss til. Det er ein god plan som blir følgt. Dette må me bli enda flinkare å formidla. Eg skulle ønskt at staten også kunne vore med på den formidlinga.

– Er det mogleg å i det heile fjerne verstingstempelet på raudt kjøt?

– Eg fryktar at stempelet er i ferd med å bli sementert som ei sanning. Beitedyra blir klimasyndaren. Denne rekneskapen stemmer ikkje. Og i lys av at meir import blir konsekvensen av husdyrkutt her til lands, blir reknestykket enda skeivare.

– Brannar, tørke og krig. Folk blir tilrådd å lagra vatn og havregryn i kjellarbua. Media verkar til å byrja å ta matberedskap på alvor – vil dei alvorlege tidene føra til endringar i kosthaldsråda i rett leid for bøndene sin del?

– Det er å håpa på. At Totalforsvarskommisjonen nå slår fast at det er naudsynt med auka norsk matproduksjon og at den er viktig for beredskapen er positivt. For det er for seint å koma på banen når gardsbruka er lagde ned, dyra er slakta og areala ligg brakk.