Verdifull: Tone Vilje Ellefsen og resten av ByAuk-gjengen på Storhaug treng meir ull til grønsakbeda. Foto: Sven Are Ek

Vil du bli kvitt nokre sekkar ull, er det gull for bybøndene i Stavanger.

Bothild Å. Nordsletten

Tone Vilje Ellefsen er på jakt etter sauebønder i Jæren/Stavangerstrøket med ull å avsjå.

– Me fekk tak i nokre sekkar med restull frå eit garveri i Ølen i fjor, og erfarte at både rådyr og sniglar skugga bana då ulla kom i beda. Det er jo helt supert!

Og no er ho på utkikk etter meir. Ulla vil ho bruka i dei mange beda som ho og kollegaane Sven Are Ek og Yngve Sortland dyrkar under namnet ByAuk på Storhaug utanfor Stavanger. ByAuk er eit andelslandbruk og ideelt AS som vart starta i fjor, og som driv etter regenerative (naturnære, red. merk.) prinisipp.
Dei har rett over 50 andelseigarar: Privatfolk, bedrifter og ein barnehage. I tillegg tilbyr dei arbeidstrening, blant anna for flyktningar. Ein gjeng frivillige bidreg også. Målet til ByAuk er å dyrka mat til folk på Storhaug, å spreia kunnskap om matproduksjon, og å byggja fellesskap.
I utgangspunktet vart dei åtvara mot å dyrka her. For på Storhaug lever og beiter det også ein del rådyr.

– Men så testa me med ull, og både rådyr og snigl slutta å eta skota på sukkerertene. Det er lanolinen i ho som held dyra vekke, seier Tone.

– I tillegg held ulla på fukta i beda, og gjer at vi kan avgrense vatninga – som jo er godt både med tanke på tidsbruk og miljø.

Ho tykkjer det er gull om ull som elles skal kastast kan komme til nytte i beda deira, og på den måten bidra i matproduksjonen også i byen. Dei håpar å kunne få ulla gratis, men kjem meir enn gjerne å hentar.

– Ulla er kjempeviktig for oss. Og det gjer ingenting om den er skitten og må sortertast litt. Me treng den omgåande, og me kan lett få bruk for 20 sekkar. Dei skal i fall rett på kålplantene.

Har du ull til bybøndene? Ta kontakt med Tone Vilje Ellefsen på Tone(A)byauk.no

Stikkord denne saka: