HØYR!
Feil kvotemedisin
Bondelaget bør heller jobbe for å gjere det meir interessant for meg å selje.
Nyleg pensjonert mjølkebonde, Rasmus Mjølhus, meiner mjølkekvoten er ein del av verdigrunnlaget på bruket.
Liv Kristin Sola
Bondelaget ønsker å tidsavgrense utleige av mjølkekvote. Det får Rasmus Mjølhus i Klepp, til å reagere.
– Å innføre ei tidsavgrensa kvoteleige betyr ei form for ekspropriering av kvoten min, seier han.
Mjølhus var aktiv mjølkeprodusent ut 2022, og har vore aktiv i Bondelaget i ein mannsalder. No er han pensjonert og ser på kvoteleiga som ein del av pensjonen.
– Økonomien i næringa er slik at pensjonen mest ikkje er til å leve av. Har du lån i tillegg, kan kvoteleiga bli avgjerande for å kunne bu på eigen gard, seier han.
Mjølhus kjenner godt utsegna: «Me kan ikkje ha det slik at nokon skal tene pengar på kvoten sin i all eve».
– Nokon, er blant anna underteikna, seier han.
At Bondelaget skal jobbe for dei aktive bøndene har han ikkje problem med å akseptere, men meiner dei startar i feil ende.
– Korleis kan det ha seg at nokon vel å leige ut kvota si framfor å selje? Bondelaget bør heller jobbe for å gjere det meir interessant for meg å selje, blant anna ved å endre skattereglane, seier Mjølhus.
Han har fått med seg at Bondelaget i sitt krav til staten no legg opp til overgangsordningar og regulering. Men undrast på om tidsavgrensa kvoteleige kan ende opp som ein symbolsiger som eigentleg ikkje vil tene den aktive bonden.
– Eg gjer meg nokre tankar, seier Mjølhus.
– Eg ser prinsippet om at Bondelaget må ivareta dei aktive bøndene. Men dei som er kritiske til leigekvotar, er ofte bønder som har vald å ekspandere og auka produksjonen på leigd jord og kvote, framfor å utnytte ressursane dei har på garden. At mange kjenner seg pressa, blant anna av Innovasjon Norge, til å auke produksjonen for å få tilskot og lån, har han forståing for.
Mjølhus meiner likevel at alle tar sjølvstendige val og må ta ansvar for dei vala dei tar.
– Dette er elefanten i rommet, seier han.
– Mjølkeproduksjonen har gått frå å vere edruelege i si satsing, til å bli svært marknads- og forretningsorientert. Stadig fleire opplever det som krevjande å produsere mjølk og fôr på innleidde ressursar.
At bøndene no kjem med eit unisont press for å få auka budsjettmidlar meiner han viser kor sårbar næringa har blitt.
– Å be staten om meir pengar blir ei meir og meir krevjande øving for ei næring som har innretta seg så uklokt. Me må inn i eit anna spor, for det er trist å sjå at så mange slit, seier Mjølhus.
– Bondelaget kjenner seg plikta til å gjere noko for dei aktive mjølkebøndene. Ikkje minst fordi det går så mykje pengar ut or næringa – til passive kvoteeigarar.
– Det er ei side å sjå det på. Men spør du meg, må Bondelaget vere forsiktige med å gå for ei løysing som fører til tap av medlemmar som føler at dei har blitt vende ryggen, åtvarar Mjølhus.
– No er det kvoten dei vil ta frå oss. Blir jorda det neste? undrast han.