Klimautskjelte norske bønder har noko å læra av olje- og gassbransjen. Sistnemnde står for ein firedel av dei norske klimagassutsleppa og sidan 1990 har dei auka utsleppa sine med 48 prosent. Like fullt hevdar petroleumsgiganten Equinor at «Bærekraft er selve kjernen i alt vi gjør.» Medan dei søkjer om å få opna nye olje- og gassfelt på norsk sokkel, investerer dei titals milliardar kroner i kostbar og umoden CCS – industriell karbonfangst og lagring. Aksjonærar, teknologioptimistar og næringslivet jublar.
Parallelt driv norske bønder den einaste forma for CCS som beviseleg fungerer i stor skala. Kvar dag forvaltar dei fotosyntesen på jorder og i fjøs. Kvar dag lagrar dei klimagassar i jord og skog, metanet frå beitedyra inkludert, som dei har gjort det i tusenvis av år.
Heilt utan avtrykk kan ikkje drøvtyggarar eller arealinngrep vera. Landbruk står då også for dryge ni prosent av dei norske utsleppa. Men det er fem prosent ned sidan 1990. Eit tal som kan og bør reduserast ytterlegare. Mindre bruk av mineralgjødsel og betre yting i mjølkeproduksjonen, er nokre av måtane å gjera det på.
Men jubelen? Mange bønder høyrer han ikkje. Tvert om opplever dei at arbeidet deira – klimainnsatsen – blir tatt for gitt. Merksemda om utsleppa frå ku og gjødsel er nemleg større, sjølv i eigne rekker, enn merksemda om karbonopptaket dei legg til rette for. Og i den offentlege klimasamtala er det enklare å fnysa av raudt kjøt, enn å prisa fotosyntesen.
Dette stiller bøndene overfor minst to utfordringar. For det første bør ein ta lærdom av fossilbransjen sin klima-sjølvtillit, og meisla ut argument som slår hol i klimamistanken som kviler tungt over bonden. Parallelt bør landbruket nytta mindre tid på å kava seg opp over dei som fnyser av kjøt, og søkja sterkare alliansar med dei som faktisk prisar fotosyntesen. Til dømes med det veksande regenerative miljøet.
Landbruket vårt – og alle som avheng av det – har ikkje råd til at bøndene blir ståande i skammekroken.
Bothild Å. Nordsletten