HØYR!
Vil ikkje mjuka opp
Forbrukarane er meir opptekne nå av at det er norske varer å få tak i.
Å mjuke opp importvernet for å få meir konkurranse og billegare mat er ingen god ide, heller ikkje for forbrukarane, meiner Arthur Salte.
Sjur Håland
I følgje NRK kostar importvernet på mat norske forbrukarar meir enn 10 milliardar kroner. Høgre vil mjuke opp slik at for eksempel importerte ferdigprodukt med høgt innhald av kjøt, over 20 prosent, kan konkurrere med prisane på ferdigrettar frå til dømes Fjordland.
Salte er styremedlem i Norges Bondelag, der han mellom anna arbeider med verdikjeda for mat og daglegvare.
– Både bøndene og Bondelaget har forståing for stoda forbrukarane står i. Men det er gjennom jordbruksforhandlingane me skal finna dei rette grepa for å halde matprisane nede. Å svekka importvernet er ikkje svaret.
Jærbonden syner til krigen i Europa og beredskapsomsyn som eitt av argumenta for å halda på importvernet.
– I denne situasjonen må me tenkja oss nøye om. Norge er eit høgkostland med krevjande topografi. På eitt vis kan du seia at Høgre sitt utspel rokkar ved grunntanken om sjølvforsyning og norske bønder si oppgåve med å i størst mogleg grad forsyne den norske marknaden med mat. Det er vårt samfunnsoppdrag, rett og slett.
– Greier landbruket å kommunisere dei argumenta godt nok, og kjøper forbrukarane slike argument når dei står ved kassa med botnskrapa konto?
– Det er krevjande å løfta fram dei argumenta i nyheitsmylderet. Næringa må bli enda meir offensive for å få fram bodskapen om samanhengen mellom matproduksjon og forbrukarane sin tryggleik.
– Dersom me, som blant andre partiet Høgre, legg til grunn at det skal vera konkurranse i matmarknaden, er det då mogleg med det høge tollvernet framover?
– Eg ville svært gjerne at Høgre heller hadde brukt meir tid på å vera med å utvikla mangfaldet i bransjen innafor gjeldande ramme. Det er norske aktørar som ønskjer å koma inn i butikkmarknaden, men som slit med å i det heile få hylleplass over tid. Spesielt i lågprisbutikkane, der ein ofte ser at importerte frosne varer som pizza og halvsteikte bakerivarer blir favorisert. Det er også store moglegheiter for meir norskprodusert ost/riven ost og yoghurt.
Samhandling og samspel mellom forbrukarane og næringa er nøkkelord framover, meiner Salte.
– Er ikkje det fraser som du og dine kollegaer brukar i festtalar?
– Nei, eg vil påstå at det er ein praksis me er medvitne på å bruka. Krigen i Europa har i større grad bidrege til gehør for samhandling også frå dei andre aktørane i verdikjeda. Forbrukarane er meir opptekne nå av at det er norske varer å få tak i.