HØYR!
Etterlyser politikarar som forstår oppgjeret
Jordbruksoppgjeret er viktig for å halde prisane til forbrukaren nede.
– Fleire politikarar har peika på jordbruksoppgjeret som årsaka til prisstigninga. Det er direkte feil, seier bonde og lokallagsleiar i Tysvær, Ståle Hustoft.
Jane Brit Sande
I førre veke kalla landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) inn til møte med aktørar i daglegvarebransjen om prisauke på matvarer. I etterkant gjekk diskusjonen om matvareprisane glovarm i riksdekkande media og andre fora.
Tysvær bondelag, med leiar Ståle Hustoft i spissen, var blant dei som tok til tastaturet – på lokallaget si eiga Facebook- side.
– I etterkant av matmakt-møtet og debatten på Dagsnytt 18 same kveld, har fleire politikarar peika på jordbruksoppgjeret som årsaka til prisstigninga. Det er direkte feil, seier Hustoft til Bondevennen.
– Jordbruksoppgjeret er viktig for å halde prisane til forbrukaren nede, understrekar han.
Fjorårets oppgjer slo alle rekordar. Den enorme prisveksten på innsatsfaktorane bidrog sterkt til dette.
– Hadde me ikkje hatt ei ordning for kostnadskompensasjon over jordbruksoppgjeret, så hadde altså prisane auka betydeleg mykje meir, seier Hustoft.
Bondelaget har rekna ut kva utslag jordbruksoppgjeret har på forbrukarane: 340 kroner per forbrukar i året.
– Det betyr at staten tok ein ekstremt stor del av kostnaden. Forbrukaren slepper billeg unna, slår Hustoft fast.
Førestillinga om at oppgjeret i fjor var eit gulloppgjer for bonden, må vekk, seier han.
– Forbrukaren er vinnaren, understrekar Hustoft.
– Takka vere staten er forbrukaren skjerma mot endå større prisvekst. Og så er det ein hyggeleg bi-effekt at avtalen truleg har verna mange bønder frå å gå konkurs.
«Nokre varer har målpris, som i praksis er ein maks-pris til bonden. Andre varer har fastsette prisløyper som ikkje kan endrast på kort varsel til tross for brå endringar i produksjonskostnad. Felles er altså at fjorårets jordbruksavtale gjer at forbrukaren slepp størstedelen av prisauken.», skriv Tysvær bondelag på sida si.
– Me må få fatt i politikarar som kan gi signal om at dei har skjønt greia med jordbruksoppgjeret og alt som følgjer med. Politikarane distanserer seg frå oppgjeret, anna enn når saka skal handsamast, seier Hustoft.
Han trur ikkje det er av vond vilje. Politikarane har mange saker gjennom året.
– Men me, bøndene, forstår oppgjeret betre. Me kjenner på dette kvar einaste dag.
Tysvær bondelag avsluttar innlegget sitt slik: Og du! Jordbruksoppgjeret gjeld norske bønder og norske jordbruksvarer. Viss kjøpmannen din skrur opp prisen på kaffi, nøtter, avokado eller tannkrem, så kan han altså ikkje skulda på verken jordbruksoppgjeret eller den norske bonden!