2023 blir eit år for både feiring og tøffe tak for Bondevennen.
Denne veka er det 125 år sidan bonden og gründeren Osmund Anbjørnsen Lærdal publiserte bladet for første gong. Sidan 15.januar 1898 har stabelen vakse seg om lag 5000 utgåver høg!
125 år med fagleg påfyll og røkt av bonde- og bygdekultur er verkeleg verdt å feira. Stor takk til alle abonnentane våre, skribentane, eigarane, annonsørane, trykkeri og distributørar som gjer denne etter kvart unike publikasjonen mogleg. Formidling av føresetnadane for matproduksjon er vel så viktig nå som tidlegare. Og som det einaste gjenverande regionale landbruksbladet, gjer Bondevennen seg høyrt på stadig nye arenaer; konferansar, debattar, podcastar, tv, radio, – og dei gode sakene våre blir sitert i nasjonale mediar.
Med andre ord – det bladet som du finn i postkassa fredag, blir lest og skapar engasjement i samfunnet.
Samstundes er det ikkje fritt for at redaksjonen, som vel folk flest, går inn i det nye året med ei viss uro. Kostnadsauke, straumprisane, rentehopp og global uro pregar oss alle. Bondevennen sine eigarar, FKRA, Tine og Nortura, opplever tøffe tider og må kutta kostnadar. Situasjonen får også konsekvensar for bladet.
Og me må tilpassa oss. Talet på abonnentar har gått ned, i takt med færre bønder. Konkurransen med andre media med fleire folk og større økonomiske musklar er reell. Bondevennen må kutta kostnadar, utan at me nå kan seia om eller korleis det vil merkast for lesarane.
I ein pressa landbrukssektor er lønsemd for bonden det aller viktigaste. Men for ei næring som står i krysselden mellom store samfunnsendringar og skiftande marknadstrendar, bør ikkje journalistikk og kultur bli ein salderingspost. For kva er att av bondesamfunnet utan bondekulturen? Utan reportasjane frå grasrota og analysane som gjer meir meining av det heile?
Bøndene blir færre, men bondekulturen lever ennå – i fjøset, på jordet, rundt kjøkenbord, i faglaga, på nettet – her og der. Og i Bondevennen prøver me nettopp å trekka linjene mellom her og der, då og no. Å gjera meining av det som skjer. Å leggja til rette for både ordskifte – og ei kjensle av samhald. Ikkje minst når det røyner på, trengst dei som dokumenterer og røkter ordet og kulturen. Slik mange av dei beste songane og bøkene blir skapt i motgang, slik blir også den mest meiningsfylte journalistikken til.
Korleis gjera meir og betre ut av stadig mindre, er ei utfordring lesarane våre er vel kjende med. No er det ei røynd også Bondevennen må finna fram i. Og me går inn i det nye året i overtyding om kor viktig – og gildt – det er å røkta også ordet mellom, frå, og for bøndene i sør og vest vidare. Bondevennen er her for dykk. Og di fleire abonnentar me gjer oss fortente til, di større er sjansen for at me er her også i morgon.
Bothild Å. Nordsletten