Jonathan Miller og Elisabeth Johanne Miller (3) var inne i eit minkhus for første gong. Jonathan Miller var positivt overraska.
Gardar over heile landet opna fjøs og tun for besøk søndag. Bondevennen besøkte gardane til Sven Martin Håland og Lodve Haaland på Figgjo.
Send oss gjerne dine bilete frå open gard til bond@fkra.no
Jofrid Åsland
Her kan du sjå besøket i bilete.
Malen O. Rege (4) gøymer seg bak storebror Matias O. Rege (6). Dei er vane med mink heimefrå.
Ballongar er ikkje kvardagskost i minkhuset.
Lovde Haaland (t.v.) opna dørene til arbeidsplassen sin. Teodor Øvrebø (11) og Endre Øvrebø (13) er gode hjelparar i minkhuset.
Mellom dei to opne gardane hadde 4H grilling av pinnebrød. Her griller Karen Hodnefjell, Arild Kuven og Kaspar Byberg (4,5) pinnebrød med sukker og kanel.
Hjå 4H var det og mogleg å få seg ein tur på både liten og litt større hest. Her er Freya Norman (4) på shetlandsponnien Cash.
Isa Aamundsen (7) fekk seg ein tur på islandshesten Vidir. Ho merka at det vugga godt då hesten rikka så mykje på rumpa.
Elvira Løland Lilleaas (5) hoppa og hoppa i høyet.
Bonden sjølv, Sven Martin Haaland, hoppa og med stor iver.
Eva Vådeland (2,5) og Cecilie Vådeland Viland (2,5) klapper og diskuterer kor mjuk og varm kua er.
Vegard Vådeland Viland (2,5) kysser kua.
Her er Vegard Våland Viland veldig stolt over nærkontakt med kyr.
Grei informasjon.
(F.v.) Jørgen Kindervåg Engum (11) og Trym Undheim (11) liker godt kalvar.
Jon Laland (2) likte godt grisen.
På forskjellige postar kunne folk teste kunnskapane sine.