Heider i tunet: Anne Frøyland Grødem og Tor Bjarte Grødem med diplomet heime på garden i Time kommune. Foto: Grete Frøyland Grødem
Rogaland landbruksselskap sin heiderspris for 2021 er tildelt Time-bøndene Anne Frøyland Grødem og Tor Bjarte Grødem.
Sjur Håland
Begge er heiltidsbønder og aktive på garden. Anne Frøyland Grødem og Tor Bjarte Grødem har fem barn i alderen 16-25 år. Dei er opptekne av å driva bruket, som er stort med mykje beite og dyrka jord. Prisvinnarane har profilert landbruket på ein særs positiv måte, heiter det mellom mykje anna i grunngjevinga.
– Det er stadig lengre mellom bruka der begge er aktive. Dette byrjar å bli sjeldan, seier styreleiar i Rogaland Landbruksselskap, Geir Skadberg, som i Statsforvaltaren si direktesending banka på døra og delte ut prisen heime i stova hjå dei to.
I tillegg til å vera gode representantar for heiltidslandbruket, er årets prisvinnarar opptekne av jordvern, noko Anne Frøyland Grødem særleg har fronta gjennom aksjonsgruppa Vern Kverneland. Ho fekk òg nasjonal merksemd etter at ho i 2020 sa nei til å selja garden for 150 millionar kroner til utbyggingsføremål.
Paret har tid til meir enn travelt gardsarbeid og jordvernkamp. Anne Frøyland Grødem er mellom anna sekretær i styret i Time Bondelag.
– Ho er ein uredd og synleg prisvinnar, seier Skadberg.
Tor Bjarte held seg meir i bakgrunnen ut mot det offentlege.
– Men også han er godt kjent for å seia ja, og han er kjent som sjølve dugnadsgeneralen i det lokale bedehusmiljøet, seier Skadberg.
Å vera bonde er framtidsretta. Bonden haustar som bonden sår. Resultatet kjem ut frå innsatsen og at det er nok jordbruksjord. Det gjer seg ikkje sjølv, i følgje Rogaland landbruksselskap.
– De er to gode førebilete som synar veg for andre, understreka Skadberg, før han overleverte diplom og kunstverk til dei to.
Prisen er ikkje eit punktum, men ei forplikting til å stå på vidare i kampen for jordvern, var responsen frå Anne Frøyland Grødem.
– Å få Rogaland landbruksselskap sin heiderspris er ei stor ære. Eg er overvelda av dei fine orda. Me er to, dette hadde ikkje gått om eg var åleine. Takk også til dei fem barna våre og takk til Vern Kverneland, me er eit stort fellesskap som støtter kvarandre, seier ho.
Også Tor Bjarte Grødem var oppteken av fellesskapen i sin spontane takketale.
– Anne og eg har mykje gode folk rundt oss. Bondelivet byr på hardt arbeid og mange utfordringar, slik er det også i næringslivet elles. Me er heldige som får produsera mat, noko me verkeleg ønskjer å driva på med også i åra som kjem.