HØYR!

Skal landa oppgjeret

18. februar 2022 | Dessutan

Mykje har fram til no gått føre seg på Facebook.

– Me går ikkje ut med tal før kostnadskompensasjon, lønnsoppgjer og tetting av inntektsgap har blitt behandla ute hjå medlemmane, seier Marit Epletveit.​

Sjur Håland

Førre veke uttalte Bondeopprøret at behovet i jordbruksforhandlingane for at bøndene skal halda fram med sitt samfunnsoppdrag, er 100.000 kroner per årsverk.

– Det er vel og bra at dei presenterer tal. Norges Bondelag skal leggja høyringa blant medlemmane til grunn før me konkluderer, seier fylkesleiaren i Rogaland Bondelag.

Det som lett kan bli tidenes mest intense og avgjerande jordbruksoppgjer, er mindre enn tre månadar unna. Lokallaga er i gang med sine møte kor medlemmane samlast for å drøfta innspel og prioriteringar som skal vidare til fylkeslaget.

– Mykje har fram til no gått føre seg på Facebook. Nå gler eg meg stort til å koma ut i laga og verkeleg kjenna trykket og høyra innspela deira.

Lokallaga har frist 18. februar. Fristen Norges Bondelag har gitt fylkeslaga er 18. mars. Det betyr at Rogaland Bondelag kjem til å køyra ein siste runde med debatt kring jordbruksforhandlingane på fylkesårsmøtet veka før.

– Då får me med oss dei siste innspela på årsmøtet. Det trur eg blir svært nyttig, slik stoda er i år.

– Kva tykkjer du om Bondeopprøret og deira rolle?

– Dei fem som står bak Bondeopprøret har vore svært engasjerte. Engasjementet deira har smitta, og det er bra, ikkje minst i lys av den heilt hinsides kostnadsauken som har kome i tillegg.

Ho meiner kommentarfelta på sosiale media avslører at det kan vere behov for kunnskapsoppdatering, og minner om at landbruket dei siste åtte åra har måtta førehalda seg til ei blå regjering.

– Høgresida har ikkje akkurat heia på landbruket, for å seia det slik. Me opplever nok at Bondelaget får skulda. Det blir fort slik at alt anna arbeid som Bondelaget gjer for å auka bondeinntekta året rundt, som arbeid med dyrevelferdsmelding og Brexit, lett vil gå under radaren.

– Kva har Bondeopprøret tilført Bondelaget?

– Dei er ei lita gruppe som kan snu seg fort rundt, medan Bondelaget er ein stor demokratisk medlemsorganisasjon. Me har eit stort potensial i å kunna bli i stand til å snu oss raskare.

– Har Norges Bondelag den vinnarmentaliteten som trengst?

– I tillegg til vinnarmentalitet, trengst både erfaring og kunnskap. Dei eigenskapane har Bondelaget.

Epletveit er klar på at våren blir krevjande.

– Det er viktig medlemmane brukar retten sin til å komme med innspel. Trykket frå grasrota vil gi eit viktig skyv til forhandlingsutvalet. Vidare er eg glad for at me har ein forhandlingsleiar, Bjørn Gimming, som verkeleg kjenner næringa og kan systemet med jordbruksforhandlingane som få andre. Me skal landa jordbruksoppgjeret på ein god måte.