Mat får stor merksemd om dagen, matfokuset er på ei bølgje. I sist veke blei Gladmatfestivalen i Stavanger gjennomført for 16. gang, og i strålande sommarvêr fekk dei om lag 200.000 besøkande smakopplevingar i særklasse. Matikonet framfor nokon, Ingrid Espelid Hovig, var med og kasta glans over festivalen.
– Unge folk er opptekne av at mat skal vera sunn, produserast berekraftig og ikkje vera til skade for miljøet, fortel den nederlandske mattrendforskaren, Anneke Ammerlaan, i ein kommentar til Stavanger Aftenblad, i samband med arrangementet. Det er interessant å merke seg at ho definerer trendsettarane som unge menneske i aldersgruppa frå 15 til 30 år. Vi snakkar om krav til framtidslandbruket. Den store spisefakta-undersøkinga som måler nordmenns matvanar stadfestar at den europeiske mattrenden også gjeld for Norge. Matmerk skriv mellom anna dette, i ei pressemelding om undersøkinga:
“Lav pris er det nå bare 46 prosent som legger vekt på. Absolutt vigtigst for forbrukerne er at maten er fersk, frisk og har god smak. At maten er norskprodusert blir stadig vigtigere. Andelen av de som legger vekt på dette har økt med 8 prosent siden 2009. Det er nå like mange som er opptatt av opprinnelse som pris”.
Bruk av antibiotika i husdyrproduksjonen og antibiotikaresistente stafylokokkar (MRSA bakteriar) i svinekjøtt har prega mediebiletet i sommar. At den store MRSA-undersøkinga i norske svinebesetningar enda opp med bare eitt positivt funn, er ikkje mindre enn sensasjonelt når ein samanliknar med situasjonen i utlandet og då særleg Danmark. Å kunne tilby det norske folk trygg mat er eit av dei viktigaste konkurransefortrinna til norsk matproduksjon.
Norsk matproduksjon har vore sentral i den politiske debatten det siste året. Når matproduksjon, til dei grader, er på den politiske dagsorden fortel det alt om at sjølvberging og eigen matproduksjon blir oppfatta som utruleg viktig for landet. Gjennom prosessen med årets jordbruksforhandlingar har vi fått ei stadfesting på at det politiske fleirtalet på Stortinget støttar opp om norsk matprodukjon. At det er, og vil vera, sterke meiningsbrytingar om korleis norsk matproduksjon skal utviklast vidare, både i og utanfor næringa, må jordbruket leve med. Den kampen går vidare.
Vi meiner det er viktig å lytte til mattrendforskaren frå Nederland, og å ta signala frå dei norske forbrukarane på alvor. Då er det sunn mat, berekraftig produksjon og omsyn til miljøet som gjeld.
Det blir avgjerande at dette ikkje bare er honnørord, men at vi innrettar produksjonen slik at orda blir ein realitet. I gjeldande politiske regime ser vi meir ein trend i retning av europeisk struktur enn å tilpassa seg dei vilkår og konkurransefortrinn som vi har i Norge.
Gladmatfestivalen i Stavanger er eit av fleire utstillingsvindauga for norsk mat. Matprodusentar i Rogaland og i Norge har all grunn til å vera stolte av dei matprodukta som blir norske forbrukarar til del. Kvalitet, sjølvforsyning og berekraft blir nøkkelord for utviklinga av framtidsjordbruket.