2022 ber alle bod om å bli eit turbulent år: Pandemi. Kostnadsauke over heile fjøla. Manko på kunstgjødsel. Fare for svolt i fleire titals land. Storpolitisk spenning.
Turbulent er det i høgste grad også i jordbruket. Stor kostnadsauke på straum, gjødsel, drivstoff og byggevarer fører til store tap hjå både vektshusprodusentar og husdyrbønder. Stoda gir opplagt meir bensin til bondeopprøret. Tolmodet i påvente av kompensasjon for ekstra utgifter og tetting av inntektsgap er i ferd med å ta slutt, og toppar seg fram mot jordbruksoppgjeret. Frustrasjonen er forståeleg etter at landbruks- og matminister Sandra Borch i førre veke sa nei til nye tilleggsforhandlingar for å stetta kostnadsveksten. For no brenn det under føtene på mange.
Bondelaget omtalar stoda som akutt. Bonde- og Småbrukarlaget fryktar konkursar. Saman ønskjer dei at regjeringa set i verk hastetiltak for å sikra den nasjonale matproduksjonen. At dei store mediene prioriterer vegg-til-vegg-dekking av skjenkestoppen framfor eit landbruk i limbo, seier mykje om kor dei har hovuda sine. Bondelagsleiar Bjørn Gimming seier til Nationen at årets oppgjer blir «avgjerande viktig».
Den konklusjonen deler me. Elendig økonomi fører til færre bønder. Det urolege internasjonale bakteppet set vår eiga sjølvforsyningsgrad på snaue 40 prosent i grell relieff.
Hurdalsplattforma er klar på både auka bondeinntekt, høgare sjølvforsyningsgrad og mogleg styrking av tollvernet. Svaret på korleis me oppnår dette, er sjølvsagt ikkje heilt enkelt. Men slik Bondevennen ser det, krev alvoret i jordbruket ein kombinasjon av alle verkemiddel, så raskt som råd: Høgare pris for maten. Auka overføringar. Og kostnadsdekking.
Det handlar om beredskap for eiga matforsyning – det minste felles multiplumet som gjer at me kan kalla oss ein nasjon. Og tiltaka er det fullt mogleg å setja i verk – statskassa er full av ferske milliardar frå sal av kraft. Det heile står og fell på politisk klårsyn og vilje. Inntil det er på plass, må me sko oss for nok eit kampår.
Bothild Å. Nordsletten