HØYR!
Tett, men ikkje for tett
Eg vil ikkje seia at utfordringane er større på Jæren enn i andre område i landet med tette konsentrasjonar.
Tone Steinsland meiner små besetningar regulert gjennom konsesjonsregelverket reduserer konsekvensane av smitteutbrot på husdyrtette Jæren.
Sjur Håland
Fugleinfluensautbrotet i to nabo-fjørfebesetningar i Klepp, har gitt landbruket i regionen ein støkk. Bondevennen stilte på leiarplass spørsmål om grensa snart er nådd når det gjeld husdyrtettleiken i området.
– Det er tett mellom dyrehalda på Jæren, medgir Steinsland.
Men ho understrekar at det er andre område i landet som har minst like stor husdyrtettleik som Jæren. Likevel. Utbrot av fugleinfluensa på Jæren med 66 bruk innafor observasjonssona, høyrest mykje ut, erkjenner ho.
– Men ser du på talet dyr og bruk i denne sona og samanliknar det med dyretette område i andre land, ville det kanskje berre vore to til tre bønder som opererer i sona med tilsvarande dyretal i staden for 66. Det betyr at eit smitteutbrot skal vera lettare å slå ned med vår struktur enn om det var tre bønder som hadde vandra mellom produksjonsbygningane og dyreflokkane.
Steinsland er medlem i Nortura sitt konsernstyre, nestleiar i Norsk Fjørfelag og leiar i Rogaland Fjørfelag. Ho held fram at ein av skilnadane mellom Norge og resten av verda er at besetningane her til lands er små.
– Hjå oss er konsesjonsbesetninga i eggproduksjonen på 7.500 høner. Om me for eksempel ser til Island, har den største eggprodusenten der 100.000 høner. Me er langt betre rusta til å møta smitteutbrot her enn i land utan konsesjonsgrenser.
Konsesjonsregelverket og små flokkar gir dermed tryggleik for den nasjonale forsyninga av fjørfeprodukt til norske forbrukarar, meiner ho.
– Så dermed har ikkje Jæren eit problem?
– Nei, eg vil ikkje seia at utfordringane er større på Jæren enn i andre område i landet med tette konsentrasjonar. Me har hjelp gjennom måten landbruket er bygd opp på. Husdyrproduksjon blir driven på gardsnivå, ikkje i store industribygg. Hadde me vore der, ville konsekvensane av eit smitteutbrot vore mykje større.
Etter krigen var 86 prosent av norsk eggproduksjon i Rogaland. I dag er talet 27 prosent. I det lyset meiner ho at produksjonen alt er desentralisert gjennom dei mekanismane landbruket blir styrt etter.
– Er det plass til fleire fjørfehus på Jæren?
– Om me held oss til egg og ser føre oss at forbruket aukar og det skulle koma eitt nytt hus på Jæren, vil ikkje det bety at det er ei vektskål som tippar.
Steinsland seier norske bønder må leva med trugselen om smitteutbrot framover.
– Det viktigaste blir då at konsesjonsgrensene blir halde på gardsnivå, at me har god biotryggleik og pragmatiske haldningar ute i kommunane om fornuftig plassering av husdyrlokala ut frå smitteomsyn.