NRK nyheiter melder at plantevernmiddel står bak massiv biedød verda over. Rapporten som NRK syner til er produsert av ei kanadisk forskargruppe. Den har skapt debatt i heimlandet, og ikkje uventa har sterke marknadskrefter sagt seg djupt usamde i konklusjonane. Dei midla som er i søkelyset er nå midlertidig forbodne til bruk utomhus både i Norge og i EU.
Er det så nøye med biene då?
Ut frå allmenn kunnskap veit vi at svaret er ja. Forskarane stadfestar vår synsing ved å uttrykke at ein katastrofe for villbiene vil bety ein katastrofe for menneskeheita. Bier, pollinering og matproduksjon heng saman. Er det ikkje litt under vår verdigheit at det allvetande mennesket må gjera seg avhengig av små, stikkande vesen som bier og humler?
Forskarane sin konklusjon er sterke ord, som dei fleste av oss møter med eit skuldertrekk. Gjennom to ti-år er vi dagleg møtt med utfordringa rundt CO2 utslepp og påfølgjande klimakonsekvensar for livet på jorda. Framleis går livet sin vante gang, og mange vel å vera usikre på kva som er årsak og verknad til klimaendringane. Nyleg kom det opp ein ny trugsel for framtidas matproduksjon. Verda er i ferd med å gå tom for fosfor, eller rettare sagt kjente fosforførekomstar. Ja, det var mogeleg å produsere mat til menneska lenge før Yara blei etablert, men ikkje nok til 7 milliardar som snart blir ni milliardar. Og kva med konsekvensane av genmodifiserte planter?
Det er underleg at den politiske merksemda omkring matproduksjon bare handlar om effektivitet og økonomi. Eller innan agro-business. Her er det sjølvsagt pluss på botnlina som tel, rundt om i styreromma, når det skal takast viktige vegval om landbruket si framtid.
I denne utgåva av Bondevennen har også vi finrekna på utslaga av jordbruksoppgjeret fordi pengar er alle tings målestokk og landbruket driv under same tilhøve som alle andre næringar. Det må gå i pluss. Alt er innretta etter at pluss betyr vellukka og minus betyr mislukka. Pluss gir utvikling, minus gir avvikling.
Vi etterlyser likevel ein langt breiare og ærleg debatt der, i det minste dei som set rammene for matproduksjonen, tek inn samspelet i naturen – det biologiske perspektivet. Matproduksjon er ein biologisk produksjon og kan aldri bli ein industriproduksjon sjølv om vi aldri så mykje heiar fram eit industrilandbruk.
Vi reiser spørsmålet til dei sterke forskings- og utviklingsmiljøa i Norge. Er vi inne i ei grei utvikling, eller må vi gjera ei kursendring for å ha ein framtidsretta matproduksjon? Vi saknar biologane og agro-kompetansen si røyst i debatten om landbrukspolitikken.
Vi trur at framtida blir skapt der makta rår. Utan dei biologiske kreftene som dei små biene bidreg med, er menneska makteslause.