Hald kalven varm: Bruk dekken, rikeleg med mjølk og godt med strø i bingen til kalven. Så held dei seg friske og veks godt, sjølv om det er kaldt ute.
Når gradestokken viser under ti grader, eller når det regnar og bles rundt fjøs og kalvehytter, hugs å kle på kalven. Det gjeld om kalven er ute i hytte, eller står i eit kaldt rom i fjøset.
Liv Kristin Sola
Medan kyr trivst godt ved låge temperaturar, er det annleis med kalven. Dei yngste kalvane har ei nedre kritisk temperaturgrense på ti grader. Det betyr at når temperaturen fell under ti grader vil småkalvane bruke energi på å oppretthalde kroppstemperaturen.
I praksis betyr det at noko av mjølka kalven får, vert nytta til å halde varmen, ikkje til tilvekst. Utriveleg for kalven, ringt for lommeboka di. Her er nokre råd for korleis du sikrar friske kalvar og høg tilvekst trass vinterkulde.
Råmjølk: Gi kalven godt med råmjølk så tidleg som råd.
Gi meir mjølk: I kalde periodar bør du gi kalven litt meir mjølk for å sikre nok energi. Hugs gradvise endringar i mengda.
Temperatur på mjølka: Mjølka skal vere 40-42 grader ved utfôring. Varm gjerne opp fôringsbøtter med vatn før du slår i mjølk, for å unngå varmetap.
Kalvedekken: Eit kalvedekken er ei god investering! Det er gode dekken å få tak i hjå Felleskjøpet, Innkjøpslaga og andre. Kjøp dekken som har gode stropper og fester. Tilbakemeldingar tyder på at borrelås fungerer dårleg i kombinasjon med spøne og halm. Hugs at kalven veks! Det er viktig å justere stroppene slik at dei ikkje stramar eller i verste fall lagar sår i huda på kalven. Vask dekkenet etter bruk slik at det er reint og tørt til neste kalv.
Vatn og kraftfôr: Gi kalven reint lunka vatn minst to gonger for dagen. Gi nytt, tørt og reint kraftfôr dagleg. Berre litt om gongen, og ha kontroll.
Lunt og tørt: Kalven skal alltid ha tørt og mjukt liggeunderlag. Ved å bruke godt med halm eller flis i hytta eller kalvebingen i tillegg til eit tørt dekken, kan kalven halde seg varm sjølv ved låge temperaturar.
Hugs at fuktig underlag kjøler ned kalven!
Småkalvane trivst godt ute i frisk luft. Din jobb er å sikre at dei held seg tørre og varme og ikkje er utsette for trekk. Gjer du det vil både du og kalven gå ein fin vinter i møte. Kalven vil takke deg med god tilvekst og du vil spare tid ved å unngå sjuke kalvar.