Med Hurdalserklæringa i ryggen, 754 millionar kroner i kompensasjon for kostnadsauke og 200 millionar i ekstra investeringsstøtte, skaper den nye landbruksministeren etterlengta entusiasme blant bøndene. Ei handlekraftig Sandra Borch vil likevel få mykje å bryna seg på fram mot regjeringas første, store jordbrukspolitiske prøve.
I haustmørket kan det verka langt fram, men jordbruksoppgjeret i mai kjem raskt, og vegen dit er strødd med utfordringar. Målet i regjeringsplattforma er oppløftande klart – ein forpliktande og tidfesta plan for tetting av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Mindre openbart er det korleis tingingane skal svara ut alt frå nytt talgrunnlag via store investeringsbehov til galopperande kostnadsauke, – og det på ein måte som stansar fråfallet frå næringa.
Sjølv for ei regjering av uttalte bondevennar er det komplisert å endra kursen for jordbruket. Pandemi og tiltakande uro på den globale råvaremarknaden gjer det ikkje lettare å treffa blink og møta alle dei høge forventingane.
Skal optimismen og håpet den nye regjeringa har tent omsetjast i reell endring, er det viktig at bondeorganisasjonane står samla i møte med staten. 37 000 bønder treng og toler frisk debatt. Men dei er òg sårbare for politiske avleiingsmanøvrar dersom dei blir oppfatta å bitast for småting over den alt tommare krybba.
Statsråd Borch sa nyleg til Bondevennen at ho står for ein heilt ny politikk. Målsettinga om 50 prosent sjølvforsyning aleine, tyder at ho meiner alvor. Til saman er dette ein invitasjon til bøndene om å møta henne med krav som inntil nyleg ville blitt oppfatta som radikale.
Borch verkar lydhøyr. Ei anna sak er det om jordbruket vinn forståing for høge krav ute i samfunnet, blant forbrukarar som snart kan koma til å måtta betala meir for maten. Prisvekst grunna høgare kostnadar på verdsmarknaden må alle leva med. Men om folk flest innser at dette også rammer produksjonskostnaden til den norske bonden i ei slik grad at dei blir villige til å betala meir for mjølk og ribbe, er usikkert.
Vårens jordbruksoppgjer blir med andre ord både ein kvalitetstest av årets valflesk, samt ein prøve på samfunnets forståing av bøndene som ei samfunnskritisk gruppe.
Bothild Å. Nordsletten