Mattilsynet er skakkøyrt og treng auka ressursar, pengar og folk, for å koma på rett kjøl. Det er skræmande å registrera at talet på årsverk i Mattilsynet har blitt redusert med kring 15 prosent dei siste fire åra. Dette skjer samstundes med at behovet for tilsyn og andre pålagde tenester er aukande.
Talas tale er klar. Avisa Nationen syner til Mattilsynet sin årsrapport for 2020 og konkluderer med at talet på tilsyn, heilt eller delvis med grunn i bekymring kring dyrevelferden, er redusert frå 9.349 i 2016 til 2.840 i fjor. Det er ein reduksjon på kring 70 prosent. Noko skurrar.
Sist i oktober kom avsløringa i NRK, som verkeleg synleggjer korleis Mattilsynet slit. Her blir det meir enn antyda at inspektørane i Mattilsynet i Telemark har kome i ein skvis som gjer at dei ikkje reiser ut for å sjekka korleis dyra har det, mest uansett kor alvorlege tipsa er.
Det handlar ikkje «berre» om Telemark. Rikskringkastaren har vore i kontakt med fleire titals inspektørar rundt om i landet. Meldinga frå fleire er at det som skjer er katastrofalt for dyra. Britt Helen Villand, seniorinspektør i Mattilsynet region øst, gir det heile eit andlet. Ho slår fast at prioriteringane har endra seg. Dei kan ikkje lenger prioritere mellom dei verste dyrehalda. Nå må dei velje mellom dei verste og dei aller verste. Det er knapt til å tru.
Mattilsynet skal berge dyr i naud og hjelpe eigaren som av ulike årsaker vanskjøttar dyra sine. Det greier ikkje det statlege tilsynet. Dei må i deira daglege arbeid svikta samfunnsoppdraget sitt og gjera heilt umoglege prioriteringar. Slik skal me ikkje ha det.
Om uføret skuldast den såkalla avbyråkratiseringsreformen i offentleg sektor, ABE-reformen, eller om det også er andre årsaker, er mindre viktig nett nå. Me gjentar det Bondevennen og andre media har hamra laust i fleire år: Nå må Mattilsynet få dei ressursane som trengst for å koma seg på føtene og inn i eit spor som mattryggleiken, husdyra våre og renommeet til det norske landbruket treng.
Regjeringsplattforma er klokkeklar på at Mattilsynet skal styrkast. Det står endatil å lesa at Mattilsynet skal ha tilstrekkeleg med ressursar til å driva god rådgiving, hyppig kontroll og eit målretta samarbeid med produksjonsnæringane.
Eit slikt Mattilsyn har stått på ønskjelista til det profesjonelle landbruket i mange år. Med den stadig vaksande avstanden mellom husdyrproduksjon og forbrukarane er Mattilsynet instansen som kan og skal gi norsk husdyrproduksjon legitimitet.
I samband med årets statsbudsjett føreslo Den norske veterinærforening ein auke på 110 millionar kroner pluss 20 nye veterinærstillingar til Mattilsynet. Nå ligg forslaget i papirbunka som den nye regjeringa skal vurdera før dei legg fram forslag til endringar i statsbudsjettet. Fristen er 8. november.
Ansvaret for Mattilsynet ligg hjå politikarane. Nå ventar me at statsminister Støre og statsråd Borch prioriterer og leverer. Dette kan ikkje venta til neste års budsjett.
Sjur Håland