Realistar: Rørtveit Gard ligg 350 moh. Her har Kathrine Kinn og Gunleik Mæland utvikla eit moderne mangesysleri som dei begge skal leve av.
Kathrine Kinn og Gunleik Mæland driv moderne gardsdrift i bakkane overfor Flatdal i Seljord. – I starten var eg litt utilpass her oppe, ønska meg eigentleg ein stor gard nede på flatene. No er eg stolt alpebonde, seier Gunleik.
Liv Kristin Sola
Gunleik overtok heimegarden i 2007. Han var 19 og skulle satse på sau. Rådet han fekk var å spesialisere seg og drive stort med éin produksjon. I tre byggetrinn skulle saueflokken auke frå 30 til 300. Gunleik fullførte første byggetrinn. Eit luftig trefjøs med plass til hundre sau, kombinert med ein romsleg verkstad som han sette opp sjølv. Så vart det stopp.
– Jo meir eg tenkte, dess meir galskap vart det i mitt hue. At eit lite bruk på ei fjellhylle skal drivast slik vart heilt malplassert. Eg kunne ikkje. Det ville rasert denne garden, seier han.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.