Enklare kvardag: Hans Reidar Kjærland valde ombygging i staden for nybygg, fordi det er miljøvenleg og økonomisk. – Mitt råd til andre er å planlegge grundig ut frå det du har sjølv, seier Kjærland.
Stort potensial i eldre fjøs
Hans Reidar Kjærland lytta til fagfolk, men tok eigne val då han bygde gamlefjøsen om til lausdrift. – Skulle eg bygd heilt nytt, måtte eg ha skaffa meir kvote og areal. Men å køyra halve Kvinnherad rundt etter fôr, det gidd eg ikkje, seier Uskedal-bonden bestemt.
Anne Rivenes, frilansjournalist
Hans Reidar Kjærland har sett mange nok av sine bondekollegaer kappspringe med seg sjølve, fordi dei må skru opp drifta for å forsvare høge investeringar. Det freistar ikkje.
I frodige Uskedalen i Kvinnherad driv Hans Reidar Kjærland og sambuar Anne Marit Myhre, mjølkeproduksjon med 20 årskyr. Fram til oktober i fjor har dei stått på bås. Men det siste året har kyrne gått lause i den ombygde fjøsen, og blitt mjølka av robot. For å få plass til lausdrift og mjølkerobot i fjøset, har ungdyra blitt flytta til eit ombygd reiskapshus.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.