Mykje er i det blå medan den nye Ap/Spregjeringa riggar seg for å koma i funksjon. Det einaste som i skrivande stund er sikkert er at bøndene bit det som er att av neglar på fingrane og ventar på avklaringar seinare i haust som vil få avgjerande konsekvensar for eigen økonomi og eiga framtid.
Tilleggsforhandlingane med staten, med grunnlag i kostnadsveksten, er som kjent utsett fram til ny regjering er på plass. Medan landbruket ventar, blir ikkje prisane på varer og tenester billegare. For å gjera møda komplett for alle med gjeld, har Norges Bank funne tida inne til å setja opp renta. Det er meir på lista, dessverre. Me er sjølvsagt glade for at restriksjonane kring koronapandemien endeleg er fjerna. Men at norske forbrukarar no valfartar over grensestasjonane for å handla kjøt og ost i våre naboland kastar ein dyster skugge over tilværet for dei som kanskje må bu seg på å redusere produksjonsvolumet. Den økonomiske skuggen blir ikkje mindre dyster med tanke på at ei strengare gjødselvareføreskrift er like om hjørnet. Den har potensial i seg til å rive mykje av driftsgrunnlaget vekk under føtene til svært mange bønder, særleg i Rogaland.
Ikkje så rart då, at bøndene legg planlagde investeringar på is. Me veit ikkje kva som kjem, men me veit at det er von i hangande snøre. Stormar har blitt ridd av før. Det kan heldigvis skje denne gongen også. Ikkje minst om me legg lovnadane til dei to partia som no freistar å stabla ei ny regjering på føtene til grunn.
For greier landbruket å argumentera fram ein forpliktande opptrappingsplan og auka investeringsmidlar i grunnlaget for den nye regjeringa, vil det vera ein god start. Tilleggsforhandlingane med staten bør resultera i at bøndene får kompensasjon for den kraftige kostnadsveksten, estimert til å utgjera 754 millionar berre for gjødsel og byggematerial. Dyrare straum kjem i tillegg. Til saman snakkar me om to milliardar kroner. Minst. Det er mykje pengar. Beløpet illustrerer godt det akkumulerte vedlikehaldsbehovet og den krevjande økonomiske situasjonen bøndene står i nå.
Enn så lenge, og slik det alltid er og har vore, driv bøndene sjølvstendige verksemder og er ansvarlege for eiga drift og økonomi. Nokre greier seg greitt, medan andre opplever tunge tak. Gjennom åra har Bondevennen hatt god kontakt med rekneskapslaga til bøndene. Dei er, uansett om konjunkturen peikar opp eller ned, unisont samde om det viktigaste; god økonomistyring på garden.
Med omsetnad på mange millionar kroner, kvilar det eit tungt ansvar på bonden når verksemda skal styrast frå dag til dag, og når avgjersler kring akutte investeringar skal takast på ståande fot. Medan andre verksemder har eit styre å svara for og ei økonomiavdeling å rådføra seg med, står bonden med sitt enkeltmannsføretak åleine.
I det lyset kan det vera aktuelt å vurdera å etablera eit gardsråd saman med banken, rekneskapsføraren og ein person eller to du har full tillit til. For å sjå moglegheitene med fleire auge, letta på børa og manøvrera skuta når bølgene står skumkvite rett i mot slik dei gjer hjå mange nett nå.
Sjur Håland