For ein del bønder kan dei sterke kjenslene knytta til gard og jord nesten berre målast med den motsvarande aversjonen mot alle ting byråkrati. Mot papirvelde og reglar som tilsynelatande har som einaste mål å hemma bonden i si skaparkraft.
Historiene om bønder som opplever avmakt i møte med landbrukskontor og statsforvaltar er mange. Bondevennen har i det siste skrive om nokre av dei. Det handlar om bønder som ønskjer å utvida eller forbetra produksjonsarealet, men som opplever nekt, uvarsla besøk, bøter, eller trugsmål om trekk i produksjonstilskot dersom dei gjennomfører planane sine. Me veit at mange nærer ei frykt for «å hamna på ei liste i fylket» dersom ein protesterer offentleg. Og me har høyrt historier om jordbrukssjefar som skriv ut bøter basert på observasjonar under sundagsturen.
Geir Jone Pollestad frå Klepp er ein av dei som opplever å stanga mot byråkratiet. For nokre veker sidan fortalte han i Bondevennen om korleis omkampane for å få leggja eit ekstra lag matjord på beitet, ikkje berre tærer på eigen motivasjon, men òg på etterkomarane si lyst til å følgja i fotspora hans.
Det er alvorleg dersom landbruksforvaltinga blir oppfatta som meir av eit kontrollorgan enn som eit forvaltingsorgan for den minkande yrkesgruppa den skal tena. Det er alvorleg dersom også landbruksforvaltinga blir sett som ein hemsko for rekruttering til næringa.
Samstundes kan det ikkje vera tvil om at ein viss kontroll er påkravd, i jordbruket, som i alle andre samfunnssektorar. Bygg- og arealendringsreglar gjeld på garden, som i byen. Og vel eig bonden garden sin, men matjorda og arealet er også fellesskapet sin ressurs, i vidaste forstand. I tillegg til bonden, husdyra og forbrukarane, er ei mengd andre artar, samt karbonlagrande myrar, og vassdrag, avhengige av klokt skjøtta kulturlandskap. Klima- og naturkrisa er høgst reelle og fordrar endringsvilje og atterhald av oss alle.
Spenninga mellom bønder og byråkratar botnar dels i krasjet mellom to ulike kulturar: den formelle, skriftlege forvaltingstradisjonen på den eine sida, mot ein pragmatisk og alt travlare bondekvardag på den andre. Djupast sett handlar det kanskje også om at dei tradisjonelle drivkreftene i bondekulturen er under press. Der nydyrking, større buskap og større produksjon har vore førande fram til no, gjer omsyn til miljø, naturmangfald, kulturminne og ei mengd tekniske standardar seg stadig meir gjeldande. Bonden sin fridom til å gjera slik han meiner er mest tenleg for drifta, er i ferd med å skrumpa inn.
Kor lite fleksibilitet skal bonden akseptera før det undergrev motivasjonen til å produsera mat? Di færre bønder, dess meir relevant blir dette spørsmålet.
Undervegs er det igjen på sin plass å minna om verdien av takt og tone. Byråkratane må forstå at systemet dei representerer kan framstå kaldt og framandgjerande. Dei representerer makta. Dei må trø varsamast. Somme gonger kan ein avklarande prat på telefonen vere nok til å skape forståing og unngå konflikt. Bonden må på si side godta at saksbehandlarane skal forvalte eit regelverk. Og om det toppar seg, må båe partar hugsa på at det til sjuande og sist handlar om menneske, anten dei sit bak ein pult eller i traktor.
Bothild Å. Nordsletten