Regjeringa la fredag fram proposisjonen, om jordbruksoppgjeret, uendra til Stortinget.
Eirik Stople
Kommunikasjonssjef Ottar Løvik seier til NTB at tilbodet er det same som bøndene har fått, men med nokre mindre tekniske justeringar som ikkje har noko med det politiske innhaldet å gjere.
Dermed står ramma for tilbodet på 150 millionar kroner ved lag.
Les og: kva leiaren av Bonde- og småbrukarlaget seier om brotet mellom Venstre og Krf.
Stortingets næringskomitè opnar for høyring den 27. mai. Det er knytta stor spenning til komiteen sine merknader og Stortingets handsaming den 17. juni.
I løpet av det siste døgnet er det blitt avklara at korkje Arbeiderpartiet eller regjeringa sine støttespelarar støttar regjeringa sitt tilbod som ligg på bordet.
Stikkord denne saka: Landbrukspolitikk