Uoversiktleg: Ringormsituasjonen sør i Rogaland er uoversiktleg og dei fire i panlet tok seg god tid til å svare på spørsmål frå bøndene i salen.
Ringorm, den snikande hudsjukdommen gjer bøndene uroa. – Sjekk dyra for symptom og sjekk forsikringa di, rådar bonde Benedicte Kyllingstad, som er midt i sanering.
Liv Kristin Sola
Det dreg seg mot haust og tusenvis av storfe skal inn frå beite. For bønder sør i Rogaland er det ei ekstra spenning knytt til nettopp dette. Dei siste tre åra har det blussa opp fleire tilfelle av ringormsmitte i regionen. Kor det dukkar opp neste gong er ikkje lett å spå.
Onsdag i førre veke inviterte ringormgruppa RingiROG til ope møte på Orre samfunnshus. Målet var å informere, men endå viktigare, å svare på spørsmål frå bøndene. Siv Meling, prosjektleiar i RingiROG, i lag med Marita Skogseth Raugstad og Silje Kristin Eiane frå Mattilsynet, samt Arvid Reiersen frå Veterinærinstituttet, var til stades for å svara på spørsmål. Meling medgir at situasjonen er uoversiktleg. Spesielt i Hå.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.