image description

 

Med hjelp av godt verktøy kan det framleis byggast og skapast her i landet. Tilbodet frå staten til bøndene kan neppe definerast som framtidsretta verktøybruk. Om målet for norsk mjølkeproduksjon er mjølkeprodusentar som fyller ein kvote tilsvarande 1.200.000 liter mjølk, kan me seie farvel til mjølkeproduksjon i mange område, både sentralt og i distrikta. Det er svært få bruk som har ressursar til å produsere eit slikt volum også i dei områda som i dag har stor mjølkeproduksjon. Signala frå bankar og Tine går nå i retning av at dei som er i planleggingsfase for investering til mjølkeproduksjon, ønskjer meir ressurstilpassa utbygging med kvote på 300-450.000 liter mjølk – avhengig av tilgjengeleg areal.
Kan vi tolka framlegget til ny kvotegrense som ei revurdering av kanaliseringspolitikken, med ønske om å flytta mjølkeproduksjonen til kornområda, eller manglar regjeringa innsikt om at mjølkevolum og naturgrunnlag heng saman?

Det skal løna seg å investere, og det er og blir eit faktum at framtidsbøndene er dei som investerer. Det er ikkje feil at dei bøndene som har investert tungt og produserer store volum får eit skulderklapp frå styresmaktene. Landbruket bør i sterkare grad ta teknologisk utvikling og dei indre drivkreftene som er i næringa inn over seg, sette seg i førarsetet, og sjølv peike på kva som er framtidsbruka. Det er farleg når arkitektrolla blir overlate til politikar som styrer meir etter ideologi enn etter kunnskap og innsikt.

I denne utgåva av Bondevennen har vi henta inn nokre kommentarar til staten sitt tilbod frå organisasjonar og bønder. Innrettinga av tilbodet blir peika på som ein større trugsel for norsk matproduksjon enn redusert økonomiske ramme. Og grunngjevinga er klar. Store delar av dagens jordbruk kan bli slått ut, og det er urealistisk å tru at det blir gjenoppretta, om retninga i den politikken som er skissert blir vedvarande og ytterlegare skjerpa. Radikale kvote- og konsesjonsendringar og endra innretting av tilskotta vil gi irreversible strukturendringar.
– Me må ha med distrikta om me skal auka matproduksjonen, seier ein av dei største mjølkeprodusentane i landet, Bjørn Egil Friestad, som er bonde på Jæren. I dag er eit gjennomsnitts mjølkebruk på 24 årskyr. Mange av dei bruka Listhaug karakteriserer som små bruk utgjer to årsverk.
– Det er feil å tolke to årsverk, altså dobbelt arbeidsmengde av kva folk flest yt i året, som småbruk eller deltidsbruk. Dette er familiebruk som ved hjelp av familie og avløysar gjer ein stor innsats for norsk matproduksjon, seier bondelagsleiar Nils Bjørke, i ein kommentar til tilbodet.

Med målsetting om auka sjølvberging på norske ressursar treng vi matproduksjon i heile landet. Framtidsjordbruket bør vera eit differensiert jordbruk som er tilpassa naturgrunnlaget. Difor treng vi ei tilskottsinnretning som kompenserer for varierande naturgrunnlag og produksjonsomfang. Det må sikrast rammevilkår for eit mangesidig landbruk, og så er det næringa si oppgåve å utvikla dei gode modellane. Berekraft og bondefamilien sin økonomi, velvere og kvardag, bør i større grad få merksemd enn det einsretta produksjonskjøret signala frå staten ber bod om.

Landbruket representerer ei utruleg kraft som kjem til uttrykk gjennom kunnskap og arbeid. Bøndene leverer det folket vil ha, trygg mat og vakre landskap. Listhaug; bruk heller hammaren til å bygge eit berekraftig framtidsjordbruk enn å spikre att fjøsdører.