HØYR!

Vil styrka landbruket på fire år

27. august 2021

Me vil i tillegg få landbruket inn i statsbudsjettforhandlingane.

Senterpartiet vil styrka norsk matproduksjon, og har lagt ein fireårig plan for kva som må til.

Jane Brit Sande

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) var nyleg på Jæren, og Bondevennen ein kjapp prat om Matløftet 2025, som partiet lanserte tidlegare i sommar. Det er partiet sin plan for å styrka norsk matproduksjon Ei styrking tollvernet er eit av 14 punkt.

– Det kjem til å bli veldig tøft. Me vil få stor motstand, både frå andre politiske parti, og sjølvsagt også frå importmarknaden, som til dømes EU, seier Vedum.

Sp meiner at eit effektivt importvern er ein føresetnad for å kunne nå mange av dei jordbrukspolitiske måla.

– Me må gå gjennom all import av landbruksprodukt systematisk, og betre tollvernet der me trur det vil tene den norske marknaden. Me må vere medvitne på kva me gjer. Det er ikkje alltid at prosenttoll er det beste, til dømes, seier han.

Sp-leiaren har vore med på dette før. Det var han som i si tid som landbruksminister, innførte den såkalla ostetollenn

– Det var stor motstand den gongen, men vedtaket har blitt ståande, seier han.

Sp slår i Matløftet fast at lønsemd i næringa er viktig, og at landbruksutdanning, -kompetanse og –rådgiving må vere satsingsområde.

– Me har diskutert aktivt med næringa om korleis me kan gjere ting betre. Lønsemd, tryggleikt, gode fagmiljø, og at me har eit miljø i landbruket der me ser kvarandre er viktig. Viss det er nokon som får problem, blir psykisk sjuke, eller anna, så må det bli fanga opp, seier Vedum.

– Korleis skal Sp nå alle måla dei set i Matløftet 2025?

– Jordbruksoppgjeret er utruleg viktig, men me må gjere nokre grep utanom dette. Me vil i tillegg få landbruket inn i statsbudsjettforhandlingane. Eg meiner me vil starta med dette allereie no i haust, ved første statsbudsjett, seier Vedum.

– Jordbruksoppgjeret er inntektsoppgjeret, men investeringsverkemidlar, til dømes for å tilpassa seg klimakrava, må landbruket få gjennom statsbudsjettet.

– Er Matløftet 2025 ein ny landbrukspolitikk?

– Det er jo det, då. Det er dette me ønsker, seier Vedum.