I fjor: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, leiar av Norges Bondelag Lars Petter Bartnes, og leiar av Norsk bonde- og småbrukarlag Kjersti Hoff då dei presenterte jordbruksavtalen 2020-2021. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Utan korkje tidsfrist for eit nytt system for talgrunnlaget, eller ein endeleg frist for å tetta inntekstsgapet, blir det lite moglegheiter til gjennomføring av krava som vart lagt fram av landbruksorganisasjonen, i følgje bøndene bak #Bondeopprør21.

Jane Brit Sande

Førre veke la Norges Bondelag og Norges Bonde– og småbrukarlag fram jordbrukets krav til forhandlingane. Prisramma var på 2,1 milliardar kroner. Innan denne utgåva av Bondevennen er kome i postkassane, har også Staten lagt fram sitt tilbod. Dei blei brot i forhandlingane torsdag 6. mai.

Sven Martin Håland er ein av bøndene bak #Bondeopprør21. Han er mjølkebonde på Figgjo i Sandnes, leiar av Sandnes bondelag, og leiar av samordninga av bondelaga på Jæren. Han seier at totalramma er meir offensiv enn kva me er vane med å sjå.

– Men om ein ser på årets oppgjer som to i eitt, då fjorårets vart forenkla, så er det ikkje offensivt likevel, seier Håland.

– I år har me sterkare kort på hand enn nokon gong, seier Håland, og viser til pandemien og engasjementet i grasrota. Engasjementet har ikkje gått upåakta hen i bondelagsleiinga.

Sven Martin Håland

– Aldri i mi tid har eg kjent eit så enormt trøkk i medlemsmassen, blant bønder, blant interessentar for norsk landbruk og norsk matproduksjon, sa bondelags leiar Lars Petter Bartnes, då han og Kjersti Hoff, leiar av Småbrukarlaget, la fram kravet.

Undrar seg over inngangen

Håland seier at kravet er prega av vage formuleringar, som gjer at moglegheita for kva ein oppnår, blir lagt over til Stortinget. Det skapar avstand til eige arbeid, i følgje han og dei fire andre bøndene bak #Bondeopprør21.

– Eg stiller meg spørjande til at Bondelaget og Småbrukarlaget viser forståing for at Staten synest kravet er høgt. Inngangen til forhandlingane er altså at me ikkje ventar å vinna fram med det me sjølve meiner me må ha. Eg er nokså sikker på at landbruket er aleine om denne strategien, seier Håland.

Gjennom #Bondeopprør21 har det kome fram mange historier om dårleg lønsemd hjå bøndene.

– Mange viser til ei løn ned på 100 kroner timen. Så viser Bondelaget og Småbrukarlaget «forståing». Kva ventar me, spør Håland retorisk.

Må løfte inntekta

– Bonden, matprodusenten, er ein av dei gruppene som har lågast inntekt i landet vårt, sa Kjersti Hoff under framlegginga av kravet.

Inntekta skal auka med 48 000 kroner i snitt, i følgje kravet.

– Dette er første steg mot å tette inntektsgapet mot andre grupper, som er på kring 200 000 kroner, sa Hoff.

Håland seier at bønder i realiteten har hatt ein inntektsnedgang sidan 2015.

– Me har kome inn i eit gradvis uføre, der me er lønnstaparar. Lønsemda og inntekta har havna langt bakpå. Bøndene må tene pengar, det tvinger seg fram. Det handlar rett og slett om bedriftsøkonomi, seier Håland.

Høge forventningar til nytt talgrunnlag

Diskusjonane kring talgrunnlaget som blir nytta i jordbruksforhandlingane, er ikkje noko nytt. Mange bønder kjenner seg ikkje att i tala som blir lagt fram, og tilliten er svekkande, sa Hoff under framlegginga av kravet.

– Tillit er viktig, derfor meiner me det er viktig med ein gjennomgang av systemet, sa ho.

Dette svarer til forventningane frå bondeopprøret, men Håland meiner at noko manglar.

– Det er lite moglegheiter for gjennomføring utan tidsfrist for nytt system for talgrunnlag, og ein endeleg frist for å tetta inntektsgapet, seier Håland.

– Systemet har utvikla seg over tid. Har me sove i timen? Kan hende. Men gjort er gjort, og no må me sjå framover. Problema kan ikkje løysast på eitt oppgjer, men me må definera kva som er problemet, og korleis det skal løysast, seier Håland.

Investeringspakkar

Bondeorganisasjonane la fram krav om ekstraordinære investeringspakkar, blant anna til lausdriftskravet.

– Dette er politisk styrt, sa Lars Petter Bartnes då kravet vart lagt fram.

Bondeorganisasjonane vil altså ha midlar i tillegg til dei ordinære midlane, som blir forvalta av Innovasjon Norge. I 2021 er dei på 450 millionar. Håland synest dette er bra.

– Klimagrep og krav om lausdrift i storfefjøs er døme på investeringar og bidrag i og frå landbruket, som storsamfunnet krev. Då må det koma eigne pengar til dette. Dette har jærlaga spelt inn to gonger før, og det er gledeleg å sjå at det endeleg kjem inn, seier Håland.

Han er uroa for dei som vil satsa.

– Eg håpar det kjem ei god tilrettelegging for dei som vil investera i landbruket. Viss ikkje, må dei sette seg ned med kalkulatoren. Lønsemd må vere eit krav, og ikkje berre at gjelda blir betalt.

Bondeopprøret etter forhandlingane

Bondeopprøret kjem til å halde koken framover til nytt talgrunnlag er på plass og dato for tetting av gap er på plass.

– Til hausten er det stortingsval, og det kan bli ein joker. Økonomien i landbruket blir ein del av valkampsakene, og dei som i dag sit i opposisjon må halde seg til det. Det tvinger seg fram ein diskusjon, og då må me og finna ei løysing. Der har me ei opning til å påverke, seier Håland.

Han meiner det er på høg tid med ein gjennomgang av norsk landbrukspolitikk og –produksjon.

– Norge har ikkje hatt ein aktiv jordbrukspolitikk på mange år. Før vårt opprør, var det inga debatt om stoda i jordbruket. Når me no tar opp eit så sentralt tema som berekning av inntekta, så ventar me at politikarane lyttar og etterspør nytt talgrunnlag, seier Håland.

Stikkord denne saka: ,