For mykje gjødsel: Blir Miljødirektoratet sitt krav på maks 2,1 kilo fosfor tilført per dekar vil gjødseloverskotet i Rogaland utgjera 1,9 millionar tonn husdyrgjødsel. Omrekna i tørrstoff blir talet 280.000 tonn. I utrekninga er innkjøpt fosfor frå mineralgjødsla på 400 tonn inkludert. Foto: Thea Hjertuslot.
Kan kollektiv handlekraft berga rogalandslandbruket mot konsekvensane av ny og strengare gjødselvareforskrift?
Sjur Håland
Den samfunnsøkonomiske prislappen med å ta unna overskotsgjødsla gjennom biogassanlegg er i ein Nibio-rapport estimert til 13 milliardar kroner i Rogaland.
– Dette kan få store privatøkonomiske kostnadar for husdyrprodusentar i Rogaland, seier Nibio-seniorforskar Siri Voll Dombu.
Førebels er ingen andre svar hogde i stein, utanom dette; det er bøndene i Rogaland som verkeleg får røynt seg om det blir ei innskjerping i gjødselvareføreskrifta. Også etter siste møtet i regi av Rogaland Biogassnettverk førre veke, heng dei ubesvarte spørsmåla i lufta som gjødseltåke over Jæren om våren. Møtet gav eit inntrykk av ei næring som famlar etter dei tydelege svara og prisen på dei ulike løysingsalternativa. Uvissa rår framleis, sjølv 10 år etter dei første signala om at det vil koma ei revidering av føreskrifta.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.