Tankar etter årsmøte i Tine
Kva slags meierisamvirke er det me overleverer til neste generasjon?
Per Hilleren, produsentlagsleiar,
Indre Sogn produsentlag
Det er 16.april, klokka viser seks om morgonen, og det er på tide å gå ut og møte dagen. På veg til fjøs med mjølking og stell av dyra, får eg og tid til å ta inn den kalde friske vårlufta. Gradestokken viser tre minus. Sola gyller snøkledde fjell som står som vern og omkransar dalen eg bur i, i lag med familien min. På veg over tunet stoppar eg opp og lyttar til den livlige fuglesongen som møter meg, desse fantastiske småfuglane prisar dagen utan bekymringar.
Vel inne i fjøset møter dyra meg med ro og harmoni, utan bekymringar, dei òg. Mens eg gjer klar til mjølking, går tankane tilbake til årsmøtet i Tine for to veker sidan. Eit årsmøte der me som eigarar og årsmøteutsendingar stod overfor kva retning, kontroll og påverknad me vil ha på selskapet vårt.
Som eigarar må me oppleva å ha eigarstyring.
Kor går Tine?
I motsetning til dei eg tidlegare har omtalt som bekymringslause, er nok eg bekymra. Ikkje over om nokon vil overta garden etter meg og kona. Nei, her er neste generasjon klar. Men eg tenkjer på korleis kan me bidra til å overlevera eit robust Tine til neste generasjon, og på korleis vil Tine utvikle seg framover.
Vil Tine vera garantisten for ein mjølkeproduksjon over heile landet, uavhengig av storleiken på bruka våre?
Konsernleiinga har stort fokus på internasjonal satsing og vekst, men har Tine kanskje vorte stort nok? Kva med dei nære ting som påverkar oss alle i vårt daglege virke, som til dømes mjølkepris? Kva om Tine kunne stilla tydelegare krav inn mot jordbruksforhandlingane, for å heva mjølkeprisen til bonden – det er jo her me får inntekta vår?
Og ikkje minst – kva med engasjementet blant oss eigarar og årsmøteutsendingar? Eg stiller spørsmål ved om me utøver aktivt nok eigarskap. Er spørsmåla våre til leiinga tilstrekkeleg krevjande og kritiske, eller tar me for mykje av det som vert servert oss for god fisk?
Somme gonger trur eg at me som eigarar skulle vore betre til å formidle bakgrunnen for at samvirket vart etablert og kor viktig samvirke har vore for landbruket. Ikkje minst til neste generasjon bønder og Tine-eigarar.
Handa på rattet
Etter årsmøte slår det meg også kor avgrensa engasjement og debatt det er rundt forslag om å gjere endringar i samvirkeorganisasjonane, til dømes vedtektsendringar i Tine.
Som eigarar er det jo både vårt privilegium og ansvar å utøva eigarskap – ikkje å sitja på baken. Utan at me engasjerer oss og stiller krav, kan me heller ikkje forventa at organisasjonen tek dei grepa som me meiner er rett.
For å utøva eigarskap, må me vera godt orienterte om viktige saker som handlar om tillit og omdøme for Tine. Blir me det? Eg viser her til saka om hemmeleghald av leiarlønningar og pensjonsavtalar i USA-satsinga.
Dei siste 20-30 åra har me rekruttert veldig mange ”blåruss”.
Blåruss vs. bondekultur
Som eigarar må me oppleva å ha eigarstyring. Det er Tine-leiinga sitt ansvar å halda oss involvert. Debatten omkring vedtektsendringar på årsmøtet i år synte at det ikkje var alle eigarane som opplevde at dei hadde denne eigarstyringa.
Ordskiftet rundt tilsette sin rett til representasjon i rådet og i årsmøte avslørte at mange årsmøteutsendingar/tillitsvalde kjende seg overrumpla av måten saka har vore handtert på. Mange produsentlag opplever også mangelfull orientering frå leiinga i forkant av årsmøte.
Eg er redd me som eigarar har vore for tolmodige, ja, kanskje likesæle, i det leiinga i ro og mak har lagt til rette for vedtektsendringar som på sikt kan svekke vår påverking av Tine.
Eg vågar påstanden: Dei siste 20-30 åra har me rekruttert veldig mange «blåruss» – økonomar og marknadsfolk – til leiarstillingane i samvirka. I for lita grad har me sett folk med landbruksutdanning og til å ta hand om leiing og økonomi.
Klarar økonomane og marknadsfolka å assosiera seg med oss bønder og med kulturen vår? Forstår dei kva samvirke handlar om?
Viktig arv
Mjølkinga er over. Kyrne har fått både mat og kos. Eg går ut av fjøset, på kjøkenet ventar frukost. Eg kjenner eg er stolt over å få føre vidare den viktige samvirkearven til neste generasjon. På veg over tunet blandar fuglesongen seg med orda til Ivar Aasen: «Lat oss ikkje forfedrane gløyma under alt, som me venda og snu, for dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru».