BN+

Utvider: Maiken og Andreas har berre tre år som bønder bak seg. Dei og ungane trivst med sitt travle liv, og travlare skal det bli. Ammeku-produksjonen skal utvidast.

Utvider fjøset etter berre tre år

Same året som Maiken og Andreas Aarsvold tok over garden, bygde dei ammekufjøs og starta opp med limousin. No er dei i gang med å nærast dobla produksjonen med ei utviding av fjøset.


Jane Brit Sande


Maiken og Andreas Aarsvold hadde funne roen på eit småbruk i nabokommunen, planane var klare, opprustinga var i gang. Men så ringte faren til Andreas, i mai 2017, med gode nyhende; dei kunne få ta over garden om dei ville.


– Maiken var ikkje heilt med på notane med det same, men eg fekk overtalt henne. Fire månadar etter, kom dei første limousin-dyra til gards. Me starta med 12 kyr og åtte kviger, alle bedekte med semin, seier Andreas.


Ved årsskiftet vart dei gardeigarar, og allereie i februar starta arbeidet med å bygga storfefjøs på garden. Same året kom det fleire dyr, ei ku og nitten kviger.


– No har me ein stad mellom 55 og 60 kalvingar, seier Andreas. I tillegg har dei eggproduksjon i full konsesjon, ein produksjon dei tok over frå far til Andreas.

Doblar produksjonen

Maiken og Andreas har ikkje tenkt å gi seg med om lag 60 mordyr. Gravearbeidet er godt i gang. No skal ammeku-fjøset utvidast til nesten det dobbelte, med plass til 110 mordyr.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: