Kamuflert: På denne flata i nærleiken av Landavatnet hadde vipene lagt reir både på haustbrakka og grønt areal i april 2020. Men lette å finna med blotte auge er dei ikkje. Foto: Bjørg Karin Dysjaland, NLR.
Fjorårets vipeprosjekt synte at det er råd å kartlegge vipereir med hjelp av drone med varmesøkjande kamera. Nå jaktar vipevenene på droneførarar.
Sjur Håland
– Ja, me tenkjer at einkvan kan laga seg ein bigesjeft gjennom å kartlegge vipereir for bøndene med drone og varmesøkjande kamera, seier vipeentusiast Alf Egil Vaula frå Øvre Vats, til Bondevennen.
Vaula fekk ideen om å bruka teknologien til å finna vipereira på garden sin etter at ein kollega leigde inn eit firma med drone for å søkje etter sakna sauer på fjellet.
– Utfordringa med å berga vipereira er å finna dei først. Egga er varme, eg tenkte at drone og varmesøkjande kamera kunne testast ut, seier han.
Nøyaktige koordinatar
Han tok kontakt med Norsk Landbruksrådgiving Rogaland ved prosjektleiar Bjørg Karin Dysjaland, som tende på ideen. Den tekniske operatøren i prosjektet var Skånevik-firmaet Funtek, som har avansert droneutstyr tilgjengeleg.
Drona saumfarte eigedommen til Vaula på jakt etter reir innehaldande varme egg. Etter litt finjustering av utstyret fekk Vaula nøyaktige koordinatar på kor det var gjort funn inn på mobiltelefonen sin.
– Dette synte seg å vera så nøyaktig at eg kunne gå rett på reira.
Dermed kunne bonden unngå å skada reira med traktor og reiskap.
– Så snart reira var registrert kunne eg legga vipediskar over reira og spreia husdyrgjødsel med slangespreiaren, seier han.
Vipefinnar: Drona greidde å fanga opp sjølv fuglar med si isolerande fjørdrakt på kamera. Men reir med egg kravde òg rett tidspunkt for å bli funne. Foto: Bjørg Karin Dysjaland, NLR.
Bigeskjeft
Neste steg i arbeidet for å berge vipa er, i følgje initiativtakar Vaula, å få fatt i folk som kan vera interessert i å driva vipesøk for bøndene kommersielt. Med andre ord skaffa «entreprenørar» med drone og varmesøkjande kamera som kan reisa rundt hjå bøndene og registrera vipereir før våronna.
Prosjektet har synt at metoden fungerer, men Vaula understrekar at entreprenørane må tilpassa og testa utstyret slik at det blir effektivt og presist i praktisk bruk.
– Me veit at det er mange med dronar der ute. Kanskje einkvan kan sjå moglegheita for å utvikla ein bigeskjeft her. Me vil i gang så snart som råd. Det er berre å ta kontakt, seier Vaula.