Oppdrett av kopplam kan vere ein krevjande produksjon. Tre veterinærstudentar skal no gjennom eit pilotprosjekt sjå nærare på kvifor ein del av kopplamma døyr.

Oppdrett av kopplam kan vere ein krevjande produksjon. Tre veterinærstudentar skal no gjennom eit pilotprosjekt sjå nærare på kvifor ein del av kopplamma døyr.

Tre veterinærstudentar skal forsøke å finne svaret på dette spørsmålet, og bed bøndene i Rogaland om å sende inn lam til prosjektet.

 

Jofrid Åsland

 

Veterinærstudentane Pernille Djupesland,  Inger Anne Frøysedal og Andrea Enevoldsen studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Dei spesialiserer seg på produksjonsdyrmedisin og mattryggleik. Som del av spesialiseringa skriv dei ei fordjupingsoppgåve om dødelegheit hjå kopplam, med professor Snorre Stuen, ved Seksjon for småfeforskning og husdyrhelse ved NMBU, Høyland, som rettleiar.
– Bakgrunnen for dette er ei stor felles interesse for småfemedisin. Me er alle tre frå småfedistrikt i Hardanger, Stryn og Vesterålen. Førebyggjande helsearbeid i småfenæringa vil truleg verte viktig for oss i seinare klinisk praksis, opplyser dei tre veterinærstudentane. Dei siste åra har studentane høyrd mykje om utfordringar innan kopplamoppdrett, mellom anna med høg dødelegheit og sjukdom.
– Men kva døyr eigentleg kopplamma av? Djupesland, Frøysedal og Enevoldsen vil granske akkurat dette spørsmålet.

Obduksjon frå 1973-2014

I løpet av våren 2014 (veke 13,14,15) skal dei tre veterinærstudentane gjennom feltarbeid gå gjennom obduksjonsjournalar for kopplam under 12 veker, som er obdusert ved Noregs veterinærhøgskule mellom 1973 til 2014. Arbeidet går føre seg i Sandnes i Rogaland.
– For lam obduserte i 2014 skal me i tillegg, så langt det er råd, delta i obduksjonsarbeidet, fortel Djupesland. Når lamma vert levert inn skal den som tek i mot dei fylle ut eit kort skjema. Der vert det gitt opplysningar om til dømes alder, om dei er fødde som trilling eller firling, type fôring, type oppstalling, beitegang, vaksinering, om dei har vist symptom og eventuelt vore behandla for sjukdom.

Send inn lam

– Me er avhengige av at så mange som mogleg veit om prosjektet vårt og sender inn lam. På denne måten får me eit større material å hente inn data frå, opplyser dei tre studentane. Dette er og grunnen til at obduksjon av kopplam vert gratis fram til og med 1. juli 2014.
– På bakgrunn av dette skal me finne fram til dei vanlegaste dødsårsakane hjå kopplam. Spørjeskjemaet som følgjer med 2014- lamma gir oss høve til å sjå på om, og eventuelt korleis dødsårsaker fordelar seg på ulike variablar som til dømes rase, kjønn, oppstalling og alder, seier Frøysedal. Prosjektet tek utgangspunkt i kopplam i Rogaland.

Nærare kjennskap til oppdrettet

Veterinærstudentane ønskjer seg nærare kjennskap til kopplamoppdrett som driftsform og utfordringane knytt til dette.
– Resultata frå prosjektet kan vekke interessere både hjå engasjerte småfebønder, men og hjå den jamne stordyrpraktiserande veterinær. Prosjektet kan bidra til større merksemd rundt problema som rår i oppdrettet, og setje fokus på korleis ein bør tenkje førebyggjande og betre lønsemda i oppdrettet, fortel studentane. Oppdrett av kopplam er aktuelt i dei fleste sauehald i Noreg i ulikt omfang. Driftsforma er på stadig framgang, særleg i store og intensivt drivne buskapar. Dette er delvis som ein konsekvens av eit stigande lammetal over fleire tiår.
– I dei siste åra har såkalla «grillam» eller «sommarlam» blitt via større merksemd. Dette er lam som vert fôra intensivt fram til dei er slaktemodne, 6-8 veker gamle. Produsenten kan då nytte overskotslamma til å imøtekomma ein aukande etterspurnad på lammekjøt tidleg i slaktesesongen, noko som kan gi meir eller mindre økonomisk gevinst, skildrar veterinærspirene. Dei poengterer at det finst mykje forsking og litteratur på sjukdom og dødelegheit hjå lam generelt, men berre ein svært liten del av forskinga tek føre seg kopplam spesifikt.

Stikkord denne saka: ,